Trøsdalen

Trøsdalen, tidlegare skrive Trausdalen, Trausdal og Drøsdal, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 13.[2][3]

Trøsdalen
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 13[2][3]

GeografiEndra

Trøsdalen grensar i vest til Teige og Bjørnestad, i nordvest mot Myklebust, i nord til Lybakken, i aust mot Ramsgrø og Liane og i sør mot Ulvika.[3]

HistorieEndra

Busetjinga på Trøsdalenen kom på 1500-talet. Det var vorte fire bruk på garden på slutten av 1800-talet og Lybakken var skild ut som eigen gard i 1879.

Det har vore to sager og ein trevarefabrikk på garden.[3]

NamnetEndra

Det er usemje om tolkinga av namnet. Oluf Rygh meinte at det kom av draug i tydinga dauing.[4], medan det i Bygdebok for Hyllestad står at namnet har samband med å tryte, som tyder å ta slutt[5], og viste til at garden var den øvste busetjinga langs Teigevassdraget, altså at busetjinga tok slutt der.[3] Fyrstelekkjen i «Trautskogen» vert tolka på same viset.[6] I kjeldene er namnet skrive «Drønsdall» (1563), «Drøsdall» (1567), «Trøßdall» (1603), «Drøssedall» (1608), «Drøssdal» (1667) og «Drøsdahl» (1723).[7]

Trøsdalen er ikkje brukt som stadnamn andre stader i landet.

Klagenemda for stadnamnsaker hjå Statens kartverk godkjende skrivemåten «Trøsdalen» i 2003, og avslo samtidig å godkjenne «Trausdalen» og «Trausdal».[8]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn, men det vert då skrive «Drøsdal».

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 3. desember 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 2. desember 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Trausdalen : Gnr. 13». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket. I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 110. ISBN 8299219817. 
  4. «Oluf Rygh: «Trausdal» i Norske Gaardnavne». 
  5. ««tryte» i Nynorskordboka».  Vitja 3. desember 2010
  6. Stemshaug, Ola og Sandnes, Jørn, red. (2007). «Trautskogen». Norsk stadnamnleksikkon (4 utg.). Oslo: Det norske Samlaget. s. 460. ISBN 978-82-521-4905-0. 
  7. «Oluf Rygh: «Trausdal» i Norske Gaardnavne». 
  8. «yr.no».  Vitja 3. desember 2010

Vidare lesnadEndra

BakgrunnsstoffEndra