Raudbeinhonningkrypar

art av sporvefuglar
Raudbeinhonningkrypar
Raudbeinhonningkrypar Foto: DickDaniels
Raudbeinhonningkrypar
Foto: DickDaniels
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Raudbeinhonningkrypar
Utbreiinga av Raudbeinhonningkrypar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Honningkryparar Cyanerpes
Art: Raudbeinhonningkrypar C. cyaneus
Vitskapleg namn
Cyanerpes cyaneus

Raudbeinhonningkrypar (Cyanerpes cyaneus) er ein fugl i tanagarfamilien. Han lever i nordlege del av neotropisk område frå det sørlege Mexico, Trinidad og Tobago, sørover til Peru, Bolivia og sentrale Brasil inkludert Rio de Janeiro. I tillegg lever han på Cuba der han truleg er innført.

Skildring endre

 
Hofugl i forgrunnen, hann i bakgrunnen
Foto: Doug Janson

Raudbeinhonningkryparar er i gjennomsnitt 12,2 centimeter lange, veg 14 gram og har eit middels langt svart, litt nedbøygd nebb. Praktdrakta til hannar er fiolettblå med svarte venger, hale og rygg, og lysraude bein. Krona er turkis, og undersida av vengen som berre er synleg under flyging, er sitrongul. Etter hekkesesongen, myter han til ei mørkare fjørdrakt, eklipsdrakt, hovudsakleg grøn med svarte venger.

Hoer og ungfuglar er hovudsakleg grøne, med bleikare, svakt stripa underside. Beina er raudbrune hos hoer, og brune hos unge fuglar.

Lætet til raudbeinhonningkryparar er ein tynn, høgtona 'tsip'.

Raudbeinhonningkryparar lever ofte i små grupper, ein finn dei i skogkanten, i open skog, og i kakao og sitrusplantasjar der dei lever av frukt , leddyr og nektar.[1] Han immiterer ofte lætet til øgleugle, Glaucidium brasilianum.

Hoa byggjer eit lite koppforma reir i eit tre, og rugar kullet av to brunflekka, kvite egg i 12-13 dagar. Ungane treng ytterlegare 14 dagar til dei er flygedyktige.

Kjelder endre

Referansar
  1. Hilty 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudbeinhonningkrypar