Honningkryparar

slekt av sporvefuglar
Honningkryparar
Hofugl av purpurhonningkrypar, Cyanerpes caeruleus, i ein fuglepark i Nederland Foto: Arjan Haverkamp
Hofugl av purpurhonningkrypar, Cyanerpes caeruleus, i ein fuglepark i Nederland
Foto: Arjan Haverkamp
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Honningkryparar Cyanerpes
Oberholser, 1899

Honningkryparar, Cyanerpes, er ei biologisk slekt av fire fugleartar tanagarfamilien. Dei lever i neotropiske område frå Mexico sør til Brasil.

Habitatet er i trekroner i skog eller utkanten av skog. Som namnet ymtar om, er dei spesialiserte nektaretarar med lange, boga nebb.

Dei fire honningkryparartane i slekta har fargerike bein, lange venger og ein kort hale. Hannane er vanlegvis skinande lillablå og hoene grønaktige.

Grønhonningkrypar, Chlorophanes spiza, deler òg fellesnemninga honningkrypar, men er klassifisert i si eiga slekt. Han har eit større, tjukkare nebb enn Cyanerpes-slekta, og er mindre sterkt avhengig av nektar.

Artslista endre

Cyanerpes i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Honningkryparar
  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 21. febuar 2016 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)