Øgleugle

fugleart
Øgleugle
Øgleugle
Øgleugle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Øgleugle
Utbreiinga av Øgleugle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Underfamilie: Surniinae
Slekt: Glaucidium
Art: Øgleugle G. brasilianum
Vitskapleg namn
Glaucidium brasilianum

Øgleugle (Glaucidium brasilianum) er ein liten ugleart i den biologiske slekta Glaucidium. Leveområdet strekker seg frå det sørlegaste USA gjennom Mellom-Amerika, over store delar av Brasil og inn i tilstøytande land i Sør-Amerika.

Skildring endre

 
Øgleugle i Mexico

Øgleugla når ein kroppsstorleik på rundt 14 til 18 centimeter, og er den største arten i slekta. Ho har ei fjørdrakt i varierande farger, ein finn både grå, brune og raudbrune fargemorfar. Arten er derfor ikkje alltid lett å skilje frå andre små ugleartar som lever i det same utbreiingsområdet. Karakteristisk for øgleugla er fine lyse vertikale striper på panna og på oversida av hovudet. Oversida av kroppen kan vere både monokromatisk og ha uregelmessige flekker. Undersida av kroppen er kvitaktig til gulbrun med slåande langstrekte striper. Øgleugler manglar øyretufsar, og har eit bilete av falske auge på baksida av hovudet. Halen er relativt lang, er ofte, men ikkje alltid raudbrun og med godt synlege tverrstriper.

Artane i slekta Glaucidium er overflatisk sett einsarta i utsjånad, dei kan best skiljast på lætet og preferanse av habitat og høgde. Øgleugla kan til dømes lett forvekslast med jungelugle (Glaucidium hardyi) i Amazonasbassenget, men jungelugla føretrekker tettare skogshabitat enn øgleugla.

Utbreiing og habitat endre

Utbreiingsområdet til øgleugla er ekstremt stort. Ho lever aust for Andesfjella over ein stor del av det søramerikanske kontinentet. I Sør-Amerika strekker distribusjonsområdet seg frå det nordvestlege og austlege Colombia, over det meste av Venezuela, det austlege og lågtliggande Ecuador, Peru og Bolivia, nordaustlege og sentrale Argentina, heile Paraguay og Uruguay. Dessutan over mykje av Brasil, vestlege Guyana og Mellom-Amerika. I Nord-Amerika er dei nordlegaste førekomstane inn i det sørlegaste Arizona og Texas.

Ho er ein standfugl, berre ungfuglar gjer dispersive rørsler. Habitatet er tropiske og subtropiske primær- og sekundærskogar. Ho føretrekker skoglysningar og skogkantar, trekledde beitemarker, lundar langs elver. Ho er òg tiltrekt av menneskelege busetjingar og finst mellom anna i parkar og store hagar. Arten finn habitat i varierande høgder gjennom utbreiingsområdet. I Sør-Amerika ca. 500-1800 moh., i Mellom-Amerika (Honduras) frå havnivå og opp til 2000 moh.

Levesett endre

Øgleugla er delvis dagaktiv, ho kan av og til observerast på utsette utkikkspunkt i løpet av dagen, men aktivitetstoppen er i skumringa. Dietten består av insekt, reptil, småfuglar og andre små virveldyr som mus.

Dette er ein territorial fugl nesten heile året. Høge rop indikerer grensene for territoriet, spesielt i den søramerikanske ettervinteren frå midten av august og september, og om hausten (april). Som hekkeplass bruker ho hovudsakleg forlatne hakkespetthol i tre. Likevel hekkar ho òg i gamle reir av haciendaomnfugl, i termittreir og i forlatne hòler av pattedyr i gjørmevegger. Kullet består av tre til fem (2-7) kvite egg. Berre hoa rugar, men begge i paret syt for føde til ungane. Rugetida varer mellom 23 og 28 dagar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Øgleugle