Raudlaks

fiskeart

Raudlaks (Oncorhynchus nerka) er ein laksefisk i slekta stillehavslaks. Han lever hovudsakleg i den nordlegaste delen av Stillehavet og tilstøytande elvar. Arten kan bli opptil 84 cm lang og vega opptil 7 kilo.

Raudlaks
Raudlaks
Raudlaks
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Slekt: Oncorhynchus
Art: Raudlaks O. nerka
Vitskapleg namn
Oncorhynchus nerka

Raudlaksen er anadrom. Det vil seia at han lever i havet, og går opp til elver for å gyta. Av lakseartane i Stillehavet er yngel av raudlaksen unik, sidan han er avhengig av å veksa opp i ein innsjø. Gytinga må derfor gå føre seg i ei elv som har ein innsjø i vasstrengen. Her lever smolten i eitt til to år, før han vandrar ut i havet. Raudlaksane vender tilbake for å gjte omtrent fire år etter at dei blei fødde, og mellom juni og september sym dei opp i elva for å gyta. Både hann- og holaksen gjennomgår då ein stor fysisk endring. Begge kjønn skiftar farge frå blå-/sølvfarget til å få ein intens raudfarga kropp og eit hovud i grønt farge. Hanen utviklar i tillegg òg ein pukkelrygg og ein krokete overkjeve. Etter gytinga døyr alle raudlaksane, og dei blir liggande i den same elva dei blei fødd i.

Ein merkbart mindre underart av raudlaks, kalla kokane, lever heile livet i innsjøar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre