Reaktiv effekt, eller blindeffekt er i vekselstraum produktet av spenninga og den delen av straumen som er ortogonal (faseforskyvd 90°) i høve til spenninga. Denne faseforskyvinga oppstår på grunn av at lastimpedanse har ein reaktiv del, som kan vera induktiv eller kapasitiv. Etter som ei reaktiv last ikkje absorberer effekt vil den reaktive delen av lastimpedansen lagra energi mellombelt fram til spenninga snur; dvs. den reaktive delen vil motta energi i ein halvperiode og avgje han i neste halvperide. I elnettet, der frekvensen er på 50 Hz, varer ein halvperiode 100 ms.

Effekt-triangel.

Ein kan uttrykka den komplekse effekta som[1][2]

der er den imaginære eininga, er reell effekt (effekt absorbert i lastimpedansen), er den reaktive effekten (effekt som oscilerer att og fram mellom kjelda (generatoren) og den reaktive delen av lastimpedansen), og er effektivverdiane til spenninga respektive straumen, står for konjugering og er fasevinkelen mellom straumen og spenninga.

Reaktiv effekt har same dimensjon som reell, men for å skilja han frå reell effekt nyttar ein eininga VAr (eller var), som er forkorting for volt-ampere-reaktiv. Sjølv om reaktiv effekt har same dimensjon som Watt, nyttar ein ikkje eininga Watt for reaktiv effekt (Watt blir berre nytta for reell effekt).

Tap på grunn av reaktiv effekt endre

På grunn av at reaktiv effekt flyt att og fram gjennom leiarane som bind saman kjelda og lasta oppstår det Ohmsk tap i leiarane. Om straum og spenning er i fase er den reaktive effekta null. Ein freistar å redusera fasevinkelen   mellom straum og spenning, ved å gjera lasta mest muleg Ohmsk (reell). Indusksjonsmotorar til dømes representerer ein induktiv last, som fører til at det flyt ei reaktiv effekt i leirarane, som i sin tur fører til effekttap. Indusksjonsmotor er svært utbreidde, så for å redusera tapet vert det ofte plassert ei kapasitiv last i parallell med den induktive lasta, for å redusera den reaktive effekten. Energiselskapa kan setta energiprisen til industrien slik at han blir proporsjonal med  .

Referansar endre

  1. Dorf, R.C. og Svoboda, J.A., Introduction to electric circuits, 5. utg., John Wiley & Sons, 2001.
  2. Hayt, W.H. og Kemmerley, J.E., Engineering circuit analysis, 5. utg., McGrew-Hill.1993.

Sjå òg endre