Avosett

fugleart
(Omdirigert frå Recurvirostra avosetta)
Avosett
Avosett
Avosett

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Avosett
Utbreiinga av Avosett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Avosettfamilien Recurvirostridae
Slekt: Avosettar Recurvirostra
Art: Avosett R. avosetta
Vitskapleg namn
Recurvirostra avosetta

Avosett (Recurvirostra avosetta) er ein vadefugl i avosettfamilien.

Avosett i Frankfurt dyrehage.

Avosetten er omtrent 43 cm lang og har eit vingespenn på mellom 77 og 80 cm. Han har eit langt og tydeleg oppoverbøygd nebb. Fjørdrakta er for det meste kvit, med svarte område. Begge kjønn har same fargar. Unge fuglar har ei meir gråleg fjørdrakt. Beina er lange og blåaktige.

Utbreiing endre

 
Avosettegg.

Fuglane hekkar i tempererte delar av Europa og Vest- og Sentral-Asia. Dei fleste trekker til Afrika eller sørlege Asia om vinteren, men dei kan også overvintra i milde delar av hekkeområda, som sørlege Spania og sørlege England.

I Noreg har avosetten hekka på Jæren, der han særleg har vore ved Orrevatnet. Han kjem til reirplassen her i slutten av mars, medan egglegginga skjer i mai. Talet på avosettar i Noreg er likevel svært lite, og dei blir ikkje rekna som å ha ein etablert bestand i landet.

Reiret vert lagt opent til. Avosetten kan danna koloniar med meir enn 100 par.

Avosett i Storbritannia endre

Avosett blei utrydda i Storbritannia i 1840. Etter at han gjenetablerte seg ved fuglereservatet Minsmere i Suffolk i 1947 blei fuglen del av logoen til fuglevernorganisasjonen Royal Society for the Protection of Birds (RSPB). Fuglen blei også avbilda på eit britisk frimerke i 2007.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Avosett
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.