For andre tydingar av oppslagsordet, sjå musikaren Taj Mahal.

Taj Mahal er eit monument som ligg ved elva Jamuna i Agra nord i India. Det står på UNESCO si verdsarvliste og er eit nasjonalt symbol for India. Byggverket stammar frå Mogulriket, som varte frå tidleg på 1500-talet til midt på 1700-talet og på det største omfatta noko av dagens Afghanistan og mykje av Pakistan, Bangladesh og India.

Taj Mahal

Taj Mahal
LandIndia
Innskriven ved UNESCOs 7. sesjon i 1983.
Referansenr. 252.
Kriterium:I
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffTaj Mahal ved unesco.org

Mausoleet ligg i eit flatt og roleg landskap ved elva Jamuna (Yamna) i Agra og er bygd i kvit marmor. Byggverket kombinerer element frå persisk, tyrkisk, indisk og islamsk arkitektur og blir rekna blant det øvste av mogularkitekturen.

Taj Mahal blei bygd av stormogulen Shah Djahan som eit mausoleum for den persiske kona hans, Arjumand Banu Begum, betre kjend som Mumtaz-ul-Zamani eller Mumtaz Mahal ('Pryden til palasset').[1] Bygginga av mausoleet byrja i 1632 og det stod ferdig i 1648. Resten av arbeidet med anlegget rundt var ferdig i 1653.Det praktfulle bygget tok alstå 23 år å fullføre, og tømte skattkammeret til keisaren.

Mogulkeisaren blei avsett av sonen sin, Aurengzeb, i 1658 og sperra inne i Agrafestningen, der han rett nok kunne sjå rett på monumentet. Då den avsette keisaren døydde etter sju år i fangenskap let sonen han gravleggja ved sidan av Mumtaz. Bygget er rekna for å vera eit muslimsk gravkammer.

Den britiske visekongen av India, lord Curzon, sette i verk restaureringsarbeid i åra 1899-1905 medan han var britisk visekonge over India.[2]

I 1983 blei Taj Mahal ført opp på UNESCO si verdsarvsliste som «eit universelt beundra meisterverk blant verdsarv.» Den 7. juli 2007 blei mausoleet òg utpeikt til eit av dei sju nye underverka i verda. På persisk tyder ordet taj krone og mahal palass. Ein kan omsetja Taj Mahal til «palasset der krona ligg».

Shah Jahan og Mumtaz Mahal endre

 
Mumtaz Mahal

Taj Mahal blei bygd av mogulherskaren Shah Jahan, som herska frå 1628 til 1658, til minne om yndlingskona hans Arjumand Banu Begum med tilnamnet Mumtaz Mahal (Pryden til palasset). Ho døydde i barsel i 1631, i samband med fødselen til det fjortande barnet sitt, Guahara Begum. Etter bygginga av mausoleet blei Shah Jahan sett i fangenskap av sonen sin Aurangzeb, som skulda faren for stormannsgalskap og unaudsynleg pengebruk.

Hagen og muren endre

Bygningskomplekset ligg inntil ein cirka 300 × 300 meter stor, strengt forma hage med opphøgde gangar som deler inn kvar fjerdedel i seksten nedsenka blomsterrabattar. Eit opphøgt basseng midt i hagen, frå porten til mausoleet, reflekterer bygningen. Hagen inneheld òg allear og fontener. Då britane overtok styret i India, reduserte dei det tidlegare mangfaldet av vene tre og blomar i hagen, til fordel for plenar.

Taj Mahal er omgjeve av ein mur i raud sandsten på tre kantar, medan den fjerde sida mot elva ikkje er verna.

Gravbygningen endre

Gravbygningen måler ca. 57 x 57 meter, og ligg på ein marmorsåle som måler cirka 100 x 100 meter. I hjørna av sålen står fire 42 meter høge minaretar som lenar litt utover og er med på å gje bygningen eit preg av lettheit.[3] Minaretane heller svakt utover frå hovudbygningen, slik at dei under eit eventuelt jordskjelv vil falla bort frå han. Kuppelen ragar 70 meter opp med eit spir som fram til 1800-talet var dekt av gull, no av bronse. Spiret er toppa av ein halvmåne med spissane vend mot himmelen, eit typisk islamsk motiv. Halvmånen dannar saman med toppen av spiret ein trefork (trident), eit typisk Shiva-symbol i hinduismen.

På heile bygningen er sitat frå Koranen brukt som dekorasjon. I det indre rommet finst det gravmonument over Mumatz-i-Mahal og Shah Jahan.

Verdsarv og underverk endre

Taj Mahal har sidan 1983 stått på UNESCO si liste over verdsarv. I ei global avstemming som blei avslutta 6. juli 2007 blei staden også vald som eitt av dei sju moderne underverka.

Trugsmål endre

Som nasjonalsymbol og trekkplaster for India er Taj Mahal blitt eit terrormål for ekstreme islamistar, trass i at det er eit muslimsk monument. Det er i dag innført strenge tryggingstiltak rundt mausoleet, som ikkje lenger er ope om natta.

Men Taj Mahal er òg truga av andre farar. Minkande vassføring i Jamuna har gjort grunnen porøs, og ein fryktar at nokre av tårna, som i dag er så symmetrisk stilte opp rundt hovudbygget, kan bli skeive på grunn av dette.

Bilete endre

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «The Reign of Shah Jahan, 1628-1658». islamicart.com. Arkivert frå originalen 5. mars 2019. Henta 7. mars 2019. 
  2. Denise Winterman (7. mars 2013). «The man who demolished Shakespeare's house». BBC News. Henta 31. desember 2014. 
  3. Aschehougs verdenshistorie, bind 9. Oslo, Aschehoug, 1985, side 131

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Taj Mahal