Reidar Andersen

norsk skihoppar

Reidar Andersen (20. april 191115. desember 1991) var ein norsk skihoppar og konfeksjonsfabrikant, opphavleg frå Haugsbygd i Norderhov i Buskerud. Han var medlem av Fossekallen, Sportsklubben Freidig og Idrettsforeningen Ready. Andersen var busett i Oslo.

Reidar Andersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1911
Ringerike kommune
Død

15. desember 1991 (80 år)
Oslo

Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1936

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Aktiv endre

Andersen vann sølvmedaljen under verdsmeisterskapane på ski i nordiske greiner både 1930, 1935 og 1937. I Vinter-OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen fekk han bronsemedalje. Gunnar Andersen var hans overmann i 1930, medan Birger Ruud var gullvinnar i meisterskapane frå 1935 til 1937, og Sven Selånger fekk OL-sølv i 1936. I verdsmeisterskapane 1931 og 1938 vart han høvesvis nummer fire og fem.

Andersen er den einaste som nokon gong har vunne Holmenkollrennet tre år på rad: 1936, 1937 og 1938. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1938. Same tre sesongane vart han også noregsmeister.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

  • 1933: Sølvmedalje i Oslo
  • 1936: Gullmedalje på Kongsvinger
  • 1937: Gullmedalje i Tønsberg
  • 1938: Gullmedalje i Mo i Rana
  • 1946: Bronsemedalje i Drammen
  • 1949: Nr 8 i Steinkjer

Andersen vart i 1971 teken med i National Ski Hall of Fame,[1]. I biografien vert nemnt dei 18 sigrane han tok i skihopping i 1939 under ein turne i USA. Etter andre verdskrigen gjorde han endå ein turne i USA for å fremje skisporten.

Kjelder endre

  1. Andersen sin biografi på U.S. National Ski and Snowboard Hall of Fame and Museum
  • Magnus Breili:Sport i navn & tall, 1971

Bakgrunnsstoff endre