Opna hovudmenyen

Reima Salonen

finsk politikar

Reima Untamo Salonen (fødd 19. november 1955) er ein finsk tidlegare kappgjengar frå Taivassalo som vart europameister i 50 kilometer kappgang i Aten i 1982.

Reima Salonen
Statsborgarskap Finland
Fødd 19. november 1955
Tövsala
Idrett friidrett
Yrke politikar, friidrettsutøvar

AktivEndra

Salonen vann bronsemedaljen på 50 km i verdsmeisterskapen 1976, avvikla i Malmö 18. september 1976. Sluttida 3.58.53 var nordisk rekord. Meisterskapen omfatta berre denne eine tevlinga, som Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) arrangerte etter at IOK vraka den frå OL-programmet til Sommar-OL 1976.

I 1982 tok Salonen ein klar siger på 50 km ved EM i Aten, med tida 3.55.29 var han i mål nærare fire minuttar føre nestemann, Josep Marín frå Spania. Både i Friidretts-VM 1983 på finsk heimegrunn og i Sommar-OL 1984 hamna Salonen på fjerdeplassen på 50 km, begge gongane utan å kunne truge dei respektive bronsemedaljørane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • VM i friidrett 1976: Bronsemedalje på 50 km – 3.58.53
  • EM 1978 i Praha: Braut 50 km
  • OL 1980 i Moskva: Nr 9 på 20 km – 1.31.32. Braut 50 km
  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje på 50 km – 3.55.29. Nr 8 på 20 km – 1.28.04
  • VM 1983 i Helsinki: Nr 4 på 50 km – 3.52.53. Nr 12 på 20 km – 1.22.51
  • OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 på 50 km – 3.58.30
  • EM 1986 i Stuttgart: Nr 5 på 50 km – 3.46.14. Diskvalifisert på 20 km
  • VM 1987 i Roma: Nr 10 på 20 km – 1.24.14. Braut 50 km
  • OL 1988 i Seoul: Nr 18 på 50 km – 3.51.36. Nr 42 på 20 km – 1.28.25

KjelderEndra