Rekveen
slått som er nytta i Hordaland og Telemark
Gangaren Rekveen (6/8-takt) er ein slått som er nytta i Hordaland og Telemark. Slåtten har namn etter spelemannen Nils Rekve, som og har vore kjelde til han. Frå Hardanger er slåtten sidan blitt spreidd av andre spelemenn. Den vidare tradisjonen i Telemark følgjer Myllarguten, som henta slåtten i Hardanger. I dag er slåtten spela i fleire former i Krødsherad, Hardanger og Telemark.
Slåttekrinsen
endreHardingfeleverket har katalogisert slåttekrinsen under nr 109, med fem variantar.
- a: Gangar frå Telemark, etter Ole Skogly, Krødsherad [1][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1920 (Ø 105). Skogly hadde slåtten etter Torgeir Torgeirson, son av Myllarguten.
- b: Rekveen, etter Ola Ådnekvam, Masfjorden, Hordaland [2][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1940 (B 1505). Ådnekvam hadde slåtten etter far sin, Ola Ådnekvam.
- c: Rekveen, etter Ola Mosafinn, Voss [3][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 601). Mosafinn hadde slåtten etter far sin, Sjurd Liland, som hadde han beint frå Nils Rekve. Slåtten er ofte kalla Rekverudlen.
- d: Rekveen, etter Halldor Meland, Kvam [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1937 etter minne (G 554) Forma var og nytta av Olav R. Berge. Meland hadde slåtten etter Ola Mosafinn, men bygde han noko ut.
- e: Nordbø nr 47, etter Gregar Nordbø, Bø i Telemark [5][daud lenkje], Nedskrift Gregar Nordbø]]. Slåtten er truleg etter Hans Hansson Flatland, Bø. Nemnet på slåtten skuldast at nedskrifta har nr 47 i Nordbø si liste.