Remigius Machura (fødd 3. juli 1960) er ein tsjekkisk tidlegare kulestøytar som representerte Tsjekkoslovakia. Han tok bronsemedaljen i øvinga under EM 1982 og VM 1983. Machura vann i 1985 både innandørs-VM og innandørs-EM, kort før han vart dømd for doping. Også i 1988 gjekk han til topps i innadørs-EM.

Remigius Machura


Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 3. juli 1960 (63 år)
Rychnov nad Kněžnou
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Machura kneip bronsemedaljen ved Friidretts-EM 1982 i Aten, bak den suveren vinnaren, austtyske Udo Beyer og Jānis Bojārs som representerte Sovjetunionen. Året etter vann han ein ny bronse då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett fann stad i Helsinki, slått av polske Edward Sarul og den olympiske meisteren, Ulf Timmermann.

I 1985 vann kuletevlinga ved hall-VM i Paris med eit støyt på 21,22 m, Udo Beyer og Jānis Bojārs kom på plassane bakom. Ved hall-EM i Aten støytte han 21,74 m og slo både Timmermann og den seinare trefaldige verdsmeisteren Werner Günthör. Same året vart Machura avslørt for bruk av anabole steroidar (Stanozolol). Han vart då utestengd frå friidrett på livstid, ein dom som straks vart omgjort til to års startnekt.

Machura kom tilbake i 1987-sesongen og sette personbeste med 21,93 meter i eit stemne i Praha den 23. august. Ved hall-EM 1988 i Budapest støytte han 21,39 m og sigra framom vesttyske Karsten Stolz. Sidan i sesongen enda Machura på femteplassen under sommarleikane i Seoul. Han la opp i 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre