Fylkesveg 710

(Omdirigert frå Riksveg 710)
Fylkesveg 710
710
Strekning
Krinsvatn, Indre FosenGjølme, Orkdal
Fylkesveg 710
Informasjon
Lengd 88,6 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 710
Sjå òg Fylkesveg 710 (fleirtyding)

Fylkesveg 710 (Fv710) går mellom Krinsvatnet i Rissa og Gjølme i Orkdal. Vegen (bortsett frå ferjestrekninga) er 88,6 km lang.

Han tar av frå europaveg 39 ved Gjølme og følgjer vestsida av Orkdalsfjorden og Trondheimsfjorden til Valset. Frå der går det ferje til Brekstad i Ørland der vegen går vidare forbi Opphaug og Botngård til han møter riksveg 715 ved Krinsvatnet i Indre Fosen.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt endre

  Trøndelag endre

Indre Fosen
Bjugn
 
Austråttborgen
Ørland
 
Valset ferjeleie
Agdenes
Orkdal
 
Fv710 tar av fra E39 i Gjølme. E39 tar av mot vest midt i bilete mot dalen til høgre

Tidlegare RV710 endre

Då riksvegane vart innført i Noreg, fekk vegen frå RV50 på Stjørdalshalsen til Kopperå jb.st. i Meråker nr. RV710. Den nye mellomriksvegen som vart opna i 1958 og gjekk heilt til riksgrensa på Storlien fekk deretter same nr. Den vegstrekninga fekk nr. E75 i 1965. Då vart nr. RV710 teke ut av bruk.

Bakgrunnsstoff endre