Rita Ináncsi (fødd 6. januar 1971) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Budapest i Ungarn. Ho vann i 1994 EM-sølv i sjukamp og i 1995 VM-bronsen i øvinga. 190 cm høge Ináncsi var medlem i Honvéd Budapest.

Rita Ináncsi
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 6. januar 1971 (53 år)
Budapest
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Ináncsi fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1994, med di ho vart nummer to i femkamp ved innandørs-EM i Paris. Ho sette landsrekord med 4 775 poeng, 26 færre enn Larisa Turtsjinskaja frå Russland. I mai kom Ináncsi på tredjeplass ved det såkalla meistermøtet i Götzis, med sine 6 573 poeng sette ho ungarsk rekord i sjukamp, samstundes som ho presterte personbeste i lengdehopp, hgdehopp og på 800 meter. Ho avslutta sesongen med å vinne sølvmedaljen ved europameisterskapen i Helsinki. Med 6 404 poeng mangla ho einast 16 poeng på å overgå vinnaren i tevlinga, Sabine Braun frå Tyskland.

Året etter sikra Ináncsi seg bronsemedaljen under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg. Etter mellom anna personbeste på 200 meter og i 100 meter hekk stoppa ho på 6 522 poeng, Ghada Shouaa frå Syria vann gull med 6 651 poeng og Svetlana Moskalets sølv med 6 575 poeng. I 1996 enda Ináncsi på sjetteplass i sjukampen under Sommar-OL 1996 i Atlanta.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre