Rjukanfossen er den 70. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg like vest for Rjukan i Tinn kommune i Telemark. Fossen ligg lengst vest i Vestfjorddalen og er den høgaste fossen i Telemark. Han er ein del av elva Måna og var ein stor turistattraksjon i førindustriell tid. Han var eit av dei første vassfalla som vart lyst opp ved hjelp av eigenskapt elektrisitet. Ved fossen vart det tidleg bygd eit eige hotell med tennisbane for ressurssterke turistar.

Rjukanfossen
foss
Rjukanfossen vert slept i ein periode i juli 2007 pga. høg vasstand i Skarfossdammen og Møsvatn.
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Tinn
Fossetype Fleirtrinns
Elv Måna
Totalt fall 238 m
 - Lengste fall 125 m
Tal på fall 3
Kart
Rjukanfossen
59°52′01″N 8°28′45″E / 59.866944°N 8.479167°E / 59.866944; 8.479167
Wikimedia Commons: Rjukanfossen

Fossen har ei total fallhøgd på 238 meter og høgaste loddrette fall er 125 meter.

Teikning av Rjukanfossen fra biletverket Norge fremstillet i Tegninger frå 1848.

I 1905 la Rjukanfossen grunnlag for Sam Eyde med investorer sitt oppkjøp av land i Vestfjorddalen. Fossen vart temma og lagt i røyr for å gje energi til salpeterproduksjon og industriprosjektet Norsk Hydro. Vatnet vert i dag nytta av Vemork kraftstasjon.

Ved fossen vert årleg Marispelet framført og det vert då slept ut normal vassføring i elva i samband med arrangementet.

På grunn av store vassmengder sommaren 2007 vart Rjukanfossen slept for fullt i ein lengre periode i juli. Dette førte til ein markant oppsving i turisttilstrøyminga til fossen.

Rjukanfossen i folkemusikken endre

Spelemannen Knut Dale dikta springaren Rjukanfossen medan han stod attmed fossen og mol korn. Denne springaren har sidan vore nytta av mange spelemenn i Telemark.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre