Roamingforordninga

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2120 er ei forordning som fjernar ekstra kostnader for internasjonal gjesting frå 15. juni 2017 innanfor det Europeiske Økonomiske samarbeidsområdet (EØS), som består av medlemslanda i EU, Island, Liechtenstein og Noreg.

Forordninga regulerer både avgiftene mobiloperatøren kan påleggja sine abonnentar for å nytte telefon- og datatenester utanfor medlemsstaten, og grossistprisen operatørane kan belasta kvarandre når deira abonnentar gjestar nettverka til kvarandre.[1]

Historie endre

Sidan 2007 har roamingforordninga redusert dei maksimale roamingavgiftene som er tillatne.

I 2006 foreslo Kommisjonen å setja fast maksimumprisar. Den foreslegne forordningen, forordning (EU) 717/2007 vart godkjent av Europaparlamentet og Ministerrådet, og tok til å gjelda i juni 2007. Både grossistprisen og sluttbrukarprisar vart regulert frå 30. august 2007. Maksimalprisane vart ytterlegare redusert i 2008 og 2009. Forordninga innførte og at kundar som reiser til ein annan medlemsstat vil motta ei tekstmelding med informasjon om dei avgiftene som gjeld for roamingtenester. Opphavleg vart tiltaka innført mellombels og skulle gå ut 30. juni 2010.

Lova vart endra i 2009 basert på ein gjennomgang av 2007-forordninga. Datoen forordning skulle gjelde til vart forlenga til 30. juni 2012 og vart utvida til tekstmeldingar og dataroaming. Det sørgde og for ytterlegare årlege reduksjonar i prisutviklinga fram til reguleringen gjekk ut, og for obligatorisk fakturering per sekund etter 30 sekund for samtalar, og per sekund fakturering for mottekne anrop.

Etter å ha funne at marknadstilhøva ikkje rettferdiggjorde å fjerne reguleringa av roaming i EØS, erstatta EU lova i 2012. I forordning (EU) 531/2012 skal pristaket på sluttbrukarprisane gå ut i 2017 og grossistprisen i 2022.

I desember 2016 stemde representantar for medlemsstatane for å avskaffa alle roamingavgifter innan juni 2017 gjennom forordning (EU) 2015/2120.

Roam like at home (RLAH) endre

Europakommisjonen (EU-kommisjonen) foreslo i 2013 å etablera ein indre marknad for elektronisk kommunikasjon i Unionen og å avskaffa roamingavgifter.[2] Forslaget vart godkjent av Europaparlamentet den 3. april 2014 med ei margin på 534 røyster mot 25. Det utarbeidde forslaget ville ha fjerna roamingavgiftene frå 15. desember 2015.[3] Før forslaget tok til å gjelde måtte det godkjennast av Rådet for den Europeiske unionen, som enda opp med å avvisa konklusjonane i den føreslegne lovgjevinga.[4]

Forordning (EU) 2015/2120, som vart vedteken 25. november 2015, sørgde for ei gradvis reduksjon av roamingavgifter innanfor EØS. Som ei overgangsåtgjerd, frå mai 2016, vart den dåverande prisen for roaming innanfor EØS erstatta av eit maksimumgebyr for roamingtjenester som kunne belastast i tillegg til det forbrukeren betalte innenriks.[5] Dette auka likevel ikkje roamingkostnaden for kundar der innenrikspris pluss tilleggsavgifta var høgare enn det eksisterande pristaket.[6] Det reduserte kostnadene for forbrukere med lågare innenrikspriser eller som betalte for månedlege kvoter for bruk av ei bestemd teneste.

Forordninga forplikta og Kommisjonen til å innan juni 2016 rapportera til Europaparlamentet med forslag til lovgivning for regulering av grossisprisene på roaming i EU med sikte på å eliminera overgangsavgiftene for roaming før juni 2017.[7] Etter forslaget frå Kommisjonen kom Europaparlamentet og medlemsstatane fram til ei avtale den 31. januaren 2017 til å setja grossistpris til:[8]

  • €0.032 per minutt taleanrop, frå 15. juni 2017
  • €0.01 per SMS, frå 15. juni 2017
  • Ein trinnvis reduksjon i løpet av 5 år for data; €7.7/GB (frå 15 Juni 2017) til €6/GB (01/01/2018), €4.5/GB (01/01/2019), €3.5/GB (01/01/2020), €3/GB (01/01/2021) og €2.5/GB (01/01/2022)

Den 8. februar 2017 godkjende ambassadørane til medlemslanda avtala om grossistpristaket som gjorde slutt på mobile roamingavgifter i EØS frå 15. juni 2017.[9]

Rimeleg nytte endre

For å hindra misbruk (f.eks bruk av billege abonnement, tilgjengeleg i dei austlege medlemsstatane, som konstant brukast i dei vestlege statene der prisane er høgare), har tilbydere høve til å stilla krav om «Rimeleg bruk» (Fair Use Policy). Dei nye reglane for bruk av mobilabonnement på reise inneber at sluttbrukar ikkje skal betala ekstra for samtalar, SMS eller datatrafikk på ferd i andre EØS-land. Dersom sluttbrukar ikkje oppfyller eller overskrid eitt av punkta i tilbyders krav til «Rimeleg bruk», kan tilbyder krevja eit prispåslag tilsvarande gjeldande regulert grossistpris.[1]

Pris frå Noreg til andre EØS-land endre

Reglane for bruk av mobilabonnement på reise inneber at sluttbrukar ikkje skal betala ekstra for samtalar, SMS eller datatrafikk på ferd i andre EØS-land. Reglane gjeld ikkje når sluttbrukar ringer frå Noreg og til utlandet.[1]

I 2013 foreslo EU-kommisjonen å regulera internasjonale samtalar innan EØS, men det vart avvist av Europaparlamentet og Rådet.[10]

I 2018 vedtok Europaparlamentet og Rådet ei reform av EUs telekomreglar. I samsvar med den førebelse avtala, vert gebyra for samtalar innan EU redusert til 19 cent for telefonsamtalar og 6 cent for tekstmeldingar innan 2019. Når parlamentet og Rådet godkjenner den førebelse avtala, vil medlemsstatane ha to år til innføra europeisk regelverk for elektronisk kommunikasjon, Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2018/1972 i nasjonal lovgiving.[11][12]

I samsvar med Forordning (EU) 2018/1971 av 11. desember 2018 skal utsalgspris (eksklusiv mva) som vert belasta forbrukerane for regulert kommunikasjon innan EØS, ikkje overstiga 0,19 EUR per minutt for samtalar og EUR 0,06 per SMS melding frå 15. mai 2019.[13]

Samferdsledepartementet sende på høyring forslag til endringar i ekomlova og ekomforskrifta som er meint å sikra at norske forbrukere får reduserte prisar for internasjonale samtalar og SMS frå 15. mai 2019 (same tidspunkt som EU). Høyringsfristen var 15. januar 2019.[14]

Territorial utstrekking endre

Roamingforordninga gjeld i dei 31 medlemslanda I EØS; medlemslanda i EU og EU sine ytre regionar, i tillegg til tre av fire EFTA land; Island, Liechtenstein og Noreg.[15] EU-landa har nytta roamingforordninga sidan 30. august 2007, og dei øvrige EØS-landa sidan 1. januar 2008.


Det siste medlemmet av EFTA, Sveits, er ikkje part av EØS-avtala, og er i staden knytt til EU ved ei rekkje bilaterale avtaler. Til trass for nære samband med EU på fleire område gjeld forordninga ikkje for Sveits, og roamingavgifter er vanlegvis betydeleg høgare for EØS-borgarar som roamer i Sveits, og for sveitsere som roamer i EØS, særleg på internettdata.

Prisar endre

Maksimal pris å betala (MVA ikkje inkludert)

1 Juli 2014 30. april 2016 15. juni 2017
Utgåande frå samtalar (per minutt) 0,19 € same pris som heime + 0,05 € ingen ekstrakostnad, same pris som heime
Innkommande samtalar (per minutt) 0,05 € 0,0114 € ingen ekstrakostnad, same pris som heime
Utgåande frå meldingar (SMS) 0,06 € same pris som heime + 0,02 € ingen ekstrakostnad, same pris som heime
Internett (lasta ned data per MB) 0,2 € same pris som heime + 0,05 € ingen ekstrakostnad, same pris som heime

Prisane frå 30. april mai 2016 er maksimumgebyr som kunne belastast i tillegg til det forbrukeren betalte innanriks.[5] Dette auka likevel ikkje roamingkostnaden for kundar der innenrikspris pluss tilleggsavgifta blei høgare enn det eksisterande pristaket.[6] (totalkostnaden frå 30. april 2016 kunne altså ikkje vera høgare enn den dåverande prisen for roaming innanfor EØS frå 1. juli 2014)

Sjå og endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Regulering av internasjonal gjesting i mobilnett». Nkom.no (på norsk). Henta 10. april 2019. 
  2. Proposal for a REGULATION OF THE EUROPEAN PARLIAMENT AND OF THE COUNCIL laying down measures concerning the European single market for electronic communications and to achieve a Connected Continent, and amending Directives 2002/20/EC, 2002/21/EC and 2002/22/EC and Regulations (EC) No 1211/2009 and (EU) No 531/2012 (COM/2013/0627 final - 2013/0309 (COD))
  3. Staff (3. april 2014). «MEPs vote to scrap mobile roaming fees in Europe». BBC News (BBC). Arkivert frå originalen den 4. april 2014. 
  4. Finley, Klint (4. mars 2014). «European Parliament Votes to Protect Net Neutrality, Kill Roaming Fees». Wired. Arkivert frå originalen den 4. april 2014. 
  5. 5,0 5,1 Article 6f of Regulation (EU) No 531/2012 as inserted by Article 7(5) of Regulation (EU) 2015/2120.
  6. 6,0 6,1 Article 6e of Regulation (EU) 2015/2120 of the European Parliament and of the Council of 25 November 2015 laying down measures concerning open internet access and amending Directive 2002/22/EC on universal service and users’ rights relating to electronic communications networks and anda til service Regulation (EU) No 531/2012 on roaming on public mobile communications networks within the Union ([1])
  7. Article 19(2) of Regulation (EU) No 531/2012 as amended by Article 7(5) of Regulation (EU) 2015/2120.
  8. «European Commission - Fact Sheet». 
  9. «Last step to end roaming fees: Council approves wholesale deal - Consilium». www.consilium.europa.eu (på engelsk). Henta 16. juni 2017. 
  10. https://www.thuejk.dk/eu_non_roaming.pdf
  11. Fioretti, Julia. «EU states, lawmakers agree to cap price of intra-EU calls». U.S. (på engelsk). Henta 11. juni 2018. 
  12. «EU Telecoms deal: Fees on calls across EU capped by 2019 and 5G network by 2020 | Nieuws | European Parliament» (på engelsk). Henta 11. juni 2018. 
  13. «L_2018321EN.01000101.xml». eur-lex.europa.eu. Henta 4. april 2019. 
  14. Samferdselsdepartementet (11. desember 2018). «Tilleggshøring - Forslag til endring i ekomloven om pristaksregulering av internasjonale samtaler og SMS». Regjeringen.no (på norsk). Henta 10. april 2019. 
  15. «Answer to a written question - Roaming charges in the EU - E-000347/2017». www.europarl.europa.eu (på engelsk). Henta 18. desember 2017.