Robert Ekpete (fødd 5. januar 1963) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i London i Storbritannia. Han vart norsk meister på 110 meter hekk i åra 1982 og 1984–86. Ekpete var medlem i Frol Idrettslag til 1985 og frå 1989, i mellomtida representerte han Strindheim IL.

Robert Ekpete
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. januar 1963 (61 år)
London
Idrett friidrett

Aktiv endre

Ved Friidretts-NM 1982 sette Ekpete personleg rekord på korthekken med tida 14,55 og kneip gullmedaljen. Året etter flytta han sitt personbeste i øvinga til 14,41 sekund. Den 16. juni 1984 i sette han norsk (elektronisk) rekord på 13,99 då han sigra i 110 meter hekk i landskampen mot Sverige i Malmö. Kjellfred Weum hadde rett nok (manuelle) rekordtida 13,7. Med tidene 14,04 og 14,20 stod Ekpete for norsk årsbeste på 110 m hekk òg i 1985 og 1986, begge åra vann han også NM-gull i øvinga.

Ei helg i mai 1985 sanka Ekpete poeng til norsk årsbeste i tikamp under eit stemne i Los Angeles i USA. Med sine 7 709 poeng enda han 423 poeng under den årsgamle noregsrekorden til Trond Skramstad.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Ekpete vart norsk tikampmeister i 1984, to år seinare vart han andremann i i tikamp-NM.

Personlege rekordar endre

  • 110 meter hekk: 13,99 (1984)
  • Tikamp: 7 709 poeng (1985)

Kjelder endre