Robert Prosinečki

kroatisk fotballspelar

Robert Prosinečki (fødd 12. januar 1969) er ein kroatisk fotballtrenar og tidlegare -spelar. Han var med om å vinne europacupen i 1991 for Raude Stjerne Beograd. I 1998 fekk han VM-bronse då Kroatia sigra over Nederland i bronsefinalen. Midtbanespelaren er ein av eit fåtal fotballspelarar som har spelt for både Real Madrid og FC Barcelona.

Robert Prosinečki


Statsborgarskap Kroatia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 12. januar 1969 (55 år)
Villingen-Schwenningen
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2002, VM i fotball 1998, VM i fotball 1990, EM i fotball 1996

Karriere endre

Klubbspel endre

Prosinečki slo gjennom i Raude Stjerne, ein klubb han spelte for frå 1987 til 1991. I den mållause europacupfinalen 1991 mot Olympique Marseille var han fyrstemann ut i straffetevlinga, ei avslutning som enda med Raude Stjerne-triumf ettersom alle lagets eksekutørar skåra. Deretter vart han, mot 450 millionar pesetas, overført til Real Madrid, ein klubb han tente til 1994. Allereie i det spanske storlaget kom tidte, langvarige skadar som skulle prege hans fotball-liv. Sidan vandra han frå eine klubben til den andre, heilt til han la opp i 2004. Gjennom denne tiårsperioden tente han etter tur spanske Oviedo, FC Barcelona, Sevilla FC, Dinamo Zagreb i heimlandet, belgiske Standard Liège, engelske Portsmouth FC, slovenske Olimpija Ljubljana og NK Zagreb. Bortsett frå 1997 til 2000, då han var Dinamo Zagreb-spelar, skifta han beite mellom, eller i, kvar einaste sesong. Jamt over markerte han seg som ein kreativ midtbanemann med kontante skot.

Landslagsspel endre

Prosinečki spelte i alt 64 landskampar. Åra mellom 1989 og 1991 representerte han Jugoslavia i 15 kampar, skåra 4 mål. Perioden 1994–2002 deltok han i 49 kampar for Kroatia, stod bak 10 nettkjenningar. Høgdepunktet kom med Kroatia i VM i fotball 1998, ei turnering der laget spelte semifinale mot den komande verdsmeisteren Frankrike, og sidan vann bronsefinalen.

I 1987 var han med i det jugoslaviske mannskapet som gjekk til topps i U20-verdsmeisterskapen.

Trenar endre

Frå 2014 til 2017 var Prosinečki landslagssjef i Aserbajdsjan, dernest landslagssjef i Bosnia-Herzegovina sesongane 2018 og 2019.

Merittar endre

  • Vinnar av europacupen: 1991 for Raude Stjerne Beograd
  • VM-bronse: 1998 med Kroatia
  • Seriemeister i Jugoslavia: 1988, 1990, 1991 for Raude Stjerne Beograd
  • Cupmeister i Jugoslavia: 1989 for Raude Stjerne Beograd
  • Cupmeister i Spania: 1993 for Real Madrid
  • Seriemeister i Kroatia: 1998, 1999, 2000 for Dinamo Zagreb
  • Cupmeister i Kroatia: 1998 for Dinamo Zagreb
  • Cupmeister i Slovenia: 2003 for Olimpija Ljubljana
  • Vinnar av U20-VM: 1987 med Jugoslavia

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Robert Prosinečki