Robert Sæther

norsk politikar

Robert Johansson Sæther (6. oktober 187531. mars 1956) var ein norsk skulemann og politikar frå ValsøyfjordNordmøre. Mangeårig ordførar i Kristiansund og stortingsmann 1937-45 frå kjøpstadene i Møre og Romsdal og for Høgre.

Sæther var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han eksamen ved Elverum lærerskole i 1895 og var lærar i Surnadal frå 1896 til 1903. Etter eksamen frå Statens gymnastikkskole i 1903 underviste han på skular i Kristiansund. Skuleinspektør i byen frå 1920 til 1944, då han vart avsett av okkupasjonsmakta.

Sæther var medlem av Kristiansund bystyre 1911–45, bortsett frå perioden 1923-25. Han var ordførar 1917–19 og 1926–34. Politisk engasjerte han seg fyrst i partiet Venstre, hausten 1918 kandidat ved stortingsvalet. Noko etter 1920 melde han seg inn i partiet Høgre, truleg grunna i at han ikkje nådde opp ved ny nominasjon.

Gjennom stortingsvalet 1936 fekk Sæther det tredje siste mandatet frå kjøpstadene Ålesund, Molde og Kristiansund. På Stortinget vart han medlem i Kyrkje- og skulekomitéen.

Kjelder endre