Roberto Cecon (fødd 28. desember 1971) er ein italiensk tidlegare skihoppar frå Gemona del Friuli i Udine. Han deltok i internasjonal hoppsport i heile seksten sesongar, 1988–2003. Cecon vann bronsemedaljen i VM i skiflyging både i 1992 og 1994. Seks gongar gjekk han til topps i verdscuprenn i skihopping i perioden 1990-95, og kom på andreplass i verdscupen 1994/95. Han er Italias fremste skihoppar gjennom alle tider.

Roberto Cecon


Statsborgarskap Italia
Fødd 28. desember 1971 (52 år)
Gemona del Friuli
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Aktiv endre

Cecon debuterte i verdscupen 30. desember 1987, to dagar etter at han fylte 16 år, i opningsrennet i hoppveka i Oberstdorf. Han enda på 54. plass. Eitt år seinare fekk han i Chamonix si fyrste pallplassering, mykje takk vere at han var ein av dei fyrste skihopparane som la om til den såkalla V-stilen. Den 16. februar 1990 kleiv han heilt til topps etter eit verdscuprenn i Predazzo i Val di Fiemme.

Den beste perioden hadde Cecon i fyrste halvdel av 1990-åra, særleg sesongane 1994 og 1995. Han vann bronsemedaljen i VM i skiflyging i 1992 i Harrachov, ein prestasjon han kopierte i den neste skiflygingsmeisterskapen i 1994 i Planica. Hoppsesongen 1993/94 kom han på femteplass i verdscupen i skihopping. Sesongen etter, 1994/95, kom han på andreplass i verdscupen, milevidt bak den suverene einaren Andreas Goldberger frå Austerrike, men mod god klaring til tredjemann, Janne Ahonen frå Finland.

Etter 1995 lukkast Cecon sjeldan med å prege resultatlistene i internasjonale renn. To gongar var han mellom dei seks beste i verdscuprenn perioden 1996-2003, begge gongane på tredjeplassen; i Trondheim i mars 1998 og i Kuopio i november 1999. Gjennom si tid som aktiv vann Cecon seks verdscuprenn og stod atten gongar på sigerspallen i same.

Frå 1988 til 2001 vann han det italienske meisterskapen i skihopping ni gongar. Åttandeplassen i storbakken i ski-VM 1995 i Thunder Bay var han beste plassering i noko ski-VM eller vinter-OL.

Verdscupsigrar endre

Dato Stad Land
16. februar 1990 Predazzo Italia
24. mars 1990 Planica Slovenia
9. mars 1994 Örnsköldsvik Sverige
14. januar 1995 Engelberg Sveits
15. januar 1995 Engelberg Sveits
4. februar 1995 Falun Sverige

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre