Roberto Rosato
Roberto Rosato (18. august 1943–20. juni 2010) var ein italiensk fotballspelar frå Chieri i Piemonte. Han spelte på AC Milan i perioden 1966-73 og vann sju store triumfar med den milanesiske storklubben, både Europacupen, Cupvinnarcupen (to gongar), Serie A og tre nasjonale cupmeisterskap. Midtstopparen Rosato vart europameister med Italia i 1968 og fekk VM-sølv i 1970. Mellom 1965 og -72 opptredde han 37 gongar i den mørkeblå landstrøya til Italia.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Roberto Rosato | ||
Fødd | 18. august 1943 | ||
Fødestad | Chieri i Kongedømet Italia | ||
Død | 20. juni 2010 (66 år) | ||
Dødsstad | Chieri i Italia | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1960–1966 | Torino | 131 | (4) |
1966–1973 | Milan | 187 | (5) |
1973–1977 | Genoa | 84 | (1) |
1977–1979 | Aosta | 48 | (1) |
Totalt | 450 | (11) | |
Landslag | |||
1965–1972 | Italia | 37 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreRosato debuterte i 1961 for Serie A-klubben AC Torino. Klubben spelte cupfinale både i 1963 og 1964, men begge gongane enda det med tap. I 1966 gjekk han over til AC Milan, der han gjennom sju sesongar var med å vinne sju meistertitlar. Han fekk cupgull i sin fyrste sesong, sesongen etter vart det siger i både Cupvinnarcupen og i den italienske serien. Største triumfen med Milan opplevde han då Milan slo Ajax med 4-1 i Europacupfinalen 1969. Seinare vart han cupmeister i 1972, medan han i sin siste sesong med klubben vann Cupvinnarcupen for andre gong og sitt tredje nasjonale cupgull. Frå 1973 til -77 spelte Rosato for Genoa CFC i både Serie A og Serie B. Han la opp som fotballspelar i 1979.
Landslagsspel
endreRosato fekk sin debut for Italia i mars 1965 i ein vennskapskamp mot Vest-Tyskland i Hamburg. Han var fast på på landslaget til VM 1966 i England, men fekk få kampar i tida fram til neste verdsmeisterskap. I 1968 var han ein av dei som kom inn på laget før Italia spelte den andre finalekampen i EM i fotball 1968, der det vart siger med 2-0 over Jugoslavia. Under VM i 1970 spelte han alle kampane, også då Italia spelte finale mot Brasil og tapte 1-4. Fram til hausten 1972, då han spelte sin siste landskamp, var han så godt som fast for Italia. Han skåra aldri landslagsmål.
Merittar
endre- EM-gull 1968 for Italia
- VM-sølv 1970 for Italia
- Vinnar av Europacupen 1969 med Milan
- Vinnar av Cupvinnarcupen 1968 og 1973 med Milan
- Italiensk seriemeister 1968 med Milan
- Italiensk cupmeister 1967, 1972 og 1973 med Milan
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Roberto Rosato» frå Wikipedia på tysk, den 29. mai 2013.