Roger Joseph Boscovich
Roger Joseph Boscovich (18. mai 1711–13. februar 1787) var ein dalmatisk matematikar og astronom.
Roger Joseph Boscovich | |||
Portrett av Robert Edge Pine, London, 1760. | |||
Fødd | Ruggero Giuseppe Boscovich, Ruđer Josip Bošković 18. mai 1711 Dubrovnik, Kroatia | ||
---|---|---|---|
Død | 13. februar 1787 (75 år) Milano, Hertugdømet Milano | ||
Nasjonalitet | Ragusa | ||
Område | Teologi, fysikk, astronomi, matematikk, naturfilosofi, diplomati, poesi | ||
Yrke | fysikar, astronom, matematikar, filosof, diplomat, lyrikar, teolog, polyhistor, historikar, geograf, universitetslærar, katolsk prest | ||
Institusjonar | Roman College Universitetet i Pavia French Royal Navy | ||
Kjend for | føregjengar til atomteorien, grunnla Brera-observatoriet | ||
Influerar | G. W. Leibniz | ||
Medlem | Royal Society Det russiske vitskapsakademiet Vitskapsakademiet i St. Petersburg Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Accademia delle Scienze di Torino |
Boscovich vart 15 år gammal oppteken i Jesuittordenen og var frå 1740 professor ved Collegium Romanum. Han leverte mange astronomiske arbeid om kikkertkonstruksjon, tyngdekrafta og forma på jorda, men det meste kjende matematiske arbeidet hans omhandlar sfærisk trigonometri og polynomialsatsen. Saman med den britiske jesuitten Maire føretok Boscovich ei gradmåling ved Roma. I 1771 kom Theoria philosophiae naturalis ut, der han diskuterer ein atomteori. I 1764 vart Boscovich professor i Pavia, men då Jesuittordenen vart oppheva i Italia overtok han ei stilling i den franske marineadministrasjon, særskild oppretta for han. Dei siste åra var han i Italia med utgjevinga av dei samla verka sine.
Kjelder
endre- «Roger Joseph Boscovich», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014
Bakgrunnsstoff
endre