Roquefort er ein blåmuggost opkalla etter Roquefort-sur-Soulzon i det sørlege Frankrike. Osten vart først skildra av Plinus den eldre i år 79, og først nemnd under namnet Roquefort i 1060. Han vert ofte kalla kongen av ostar, men må slost om trona med Brie de Meaux frå Paris. Osten er verna etter opphavsstad, slik at berre ostar frå holene ved Roquefort-sur-Soulzon kan kallast roquefortostar.

Roquefortost og eske.
Foto: Dominik Hundhammer

Skildring endre

Osten er smuldrete, noko fuktig, og kvit i farge med blåe strekar av mugg. Han har sterk lukt og smak med eit særskild preg av smørsyre og ein ekstra spiss frå muggen. Han har inga skorpe. Eit typisk ostehjul veg mellom 2,5 og 3 kilo. For kvart kilo ost treng ein om lag 4,5 liter mjølk, og roquefort inneheld derfor mykje feitt, protein og mineral.

Ysting endre

Muggtypen som gjer osten den særeigne smaken heiter Penicillium roqueforti og finst i jorda i dei naturlege grottene rundt Roquefort-sur-Soulzon. Ostemakarar hausta tradisjonelt muggen ved å leggja brød i grottene slik at dei blei dekte av mugg. Ein tilsette så muggen i ostemassen etter at han hadde stivna noko.

Ein kan nå dyrka muggen i laboratorium, og roquefortost blir i dag laga i heile regionen. Etter fransk lov kan likevel berre ost som er lagra i dei naturlege grottene rundt Roquefort bera namnet. Ein må òg bruka ei spesiell sauemjølk for å laga ekte roquefort, nemleg mjølk frå lacaune-søyer frå dei kringliggande distrikta Aveyron, Lozère, Gard, Hérault og Tarn.

Soga om roqueforten endre

Ei soge seier at det var ein gjetargut som oppdaga osten. Han sat og åt fersk ost då han fekk auge på ei ven jente. Han gøymde osten i ei hole og sprang etter jenta. Han fekk ikkje tak i henne, og då han kom tilbake hadde osten byrja å mygla. Gjetaren åt han likevel, og fann ut at verda ikkje berre var ute for å skuffa han.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre