Målarkunst

(Omdirigert frå Kunstmåling)

Målarkunst er ei form for biletkunst som går ut på å laga måleri gjennom å festa fargestoff til ei overflate på kunstferdig vis. Dei som lagar måleri vert kalla målarar, eller kunstmålarar, dersom ein vil skilja dei frå yrkesmålarar. Mange reknar målarkunsta for å vera den viktigaste kunstforma. Dette ser ein mellom anna ved at ordet «kunst» ofte vert brukt berre med tydinga målarkunst.

Mellomaldermåleri av kvinne som måler eit sjølvportrett.
Friluftsmåling av hest.

Motiv endre

For meir om dette emnet, sjå motiv i bilde.

Målarar har ofte konsentrert seg og gjerne spesialisert seg i å måla særskilde motiv. Desse kan vera portrett, landskap, stilleben (ting som ligg stille), og religiøse, mytologiske eller historiske bilete. Det er vanleg å skilja mellom figurativ kunst, som viser attkjennbare motiv, og abstrakt kunst, som er former utan klar tyding.

Føremål endre

Målarkunst kan ha som føremål for målaren å skapa og uttrykka seg, ho kan brukast som dekorasjon og for å visa ære eller status. Ho er mykje brukt til å utsmykka bygningar som sakralbygg, offentlege bygg og bustadar. I nyare tid er målarkunst også blitt samla og vist fram i galleri.

Nokre måleri kan ha religiøse funksjonar, til dømes i form av ikon.

Historie endre

Målarkunst er ei eldre uttrykksform enn skrift, og er kjend sidan steinalderen. Nokre av dei eldste måleria ein kjenner er holemåleri i den franske Grotte Chauvet, og er om lag 32 000 år gamle. Desse viser ville dyr som hestar, ullhåra nashorn, mammutar og løver, og er utførte ved at ein har hatt raud oker og svart fargestoff i utskjeringar i fjellveggen. Liknande arbeid på hole- eller fjellveggar finst over heile verda. I Noreg finst dei i form av helleristingar.

Dei fleste samfunn har utvikla si eiga målarkunst, der kultur, materiale og tradisjonar dannar ulike skular for målarkunst. Vestleg målarkunst utvikla seg i fleire periodar i Europa med påverknad både frå tidlegare periodar, som antikken, og andre kulturar, som Japan og Kina.

Målarstilar endre

Kunstnarar har alltid påverka kvarandre, og det er vanleg å gruppera måleri frå ei viss tid og gjerne frå eit visst område i ei namngjeven gruppe. Det kan vera kunsthistorikarar som ser ein samanheng og set namn på stilen i ettertid, eller kunstnarane kan sjølv aktivt gå inn for ein viss måte å måla på som dei gjer eit visst namn.

Nokre stilar innan vestleg kunsthistorie endre




Sjå òg endre

Kjelder endre

  • «Maleri» (31. august 2009), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff endre