Opna hovudmenyen
Rosmarin
Rosmarin
Rosmarin
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Slekt: Rosmarinus
Art: Rosmarin R. officinalis
Vitskapleg namn
Rosmarinus officinalis

Rosmarin (Rosmarinus officinalis) er ein lyngaktig urteplante i leppeblomfamilien. Han har smale, nåleliknande blad og kvite eller blålige blomsar i fåblomstra klase.

Rosmarinbusk i Umbria.
Rosmarinfrø

Rosmarin er ein karakteristisk busk i middelhavslanda, og er vanleg på tørre stader, særleg i garriguevegetasjon og på steppene i Nord-Afrika.

BrukEndra

I oldtida blei rosmarin fletta inn i laurbær- og myrtekransar.

Planten blir brukt medisinsk (herba rosmarini) og som krydder. Krydderet passar til kraftige kjøt- og fiskerettar. Av blada kan ein framstilla rosmarinolje gjennom destillasjon med vanndamp. Denne olja har ei gjennomtrengande, kamferliknande lukt og blir både nytta i medisinen som hudirriterande middel, og i parfymeindustrien.

KjelderEndra

  • Rosmarin (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2014.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Rosmarin