Rotsund kapell

kyrkje i Nordreisa kommune

Rotsund kapell er ei langkyrkje frå 1932 på Rotsund i Nordreisa kommune i Troms. Kyrkja er i bindingsverk og har 240 sitjeplassar.

Rotsund kapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Nordreisa
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Nord-Troms
Sokn Nordreisa
Fellesråd Nordreisa
Arkitekt August Nielsen og Harald Sund
Material Tre
Innvigd 1932
Sitjeplassar 240
Kart
Rotsund kapell
69°47′18″N 20°42′29″E / 69.7883°N 20.708°E / 69.7883; 20.708
Wikimedia Commons: Rotsund kapell

Historie endre

Det vart anlagt hjelpekyrkjegard i Rotsund i 1860, og det melde seg då eit ynske om å byggje ei kyrkje i samband med gravplassen. I 1887 vedtok kommunestyret i Skjervøy, som Rotsund då var ein del av, å byggje kyrkje der, og i 1920 vart det vedteke i ein kongeleg resolusjon at kapellet skulle byggjast. Likevel stod det ikkje klart før i 1932.

Bygginga tok til i februar 1932 og tok berre fem månedar. Kapellet kosta under 40 000 kronar, og av desse var om lag 10 000 samla inn privat. Arkitekt Harald Sund teikna kapellet.

Kapellet vart vigsla av biskop Eivind Berggrav 18. september 1932. Heile 21 born vart døypte i gudstenesta, og nesten tusen menneske møtte opp.

Under andre verdskrigen vart kapellet rekvirert av tyske styrkar og nytta til innkvartering. Altarbildet som var i kapellet, vart skore ned og rulla saman, noko som førte til at det vart øydelagt. Dagens altarbilete er difor ikkje like gamalt som resten av kyrkja. Ramma for biletet har framleis eit kulehol etter den tyske bruken av kapellet. Dette kjem frå eit vådeskudd som gjekk av i kapellet.

Inventar endre

 
Altartavla. Bak ljoset til høgre kan ein skimte kuleholet.

Kjelder endre

  • Ronny Trælvik og Lill-Karin Elvestad, Kirkene i Troms. Bind II, Bok i Nord, Finnsnes, 2016. Side 157–163

Bakgrunnsstoff endre