Sekretærfugl

art av haukefuglar
(Omdirigert frå Sekretærfuglfamilien)

Sekretærfugl (Sagittarius serpentarius) er ein stor rovfugl, endemisk for Afrika, som lever på opent grasland og på tørre savannar. Han er spesialisert på jakt av krypdyr. Sjølv om arten er ein del av den biologiske orden Accipitriformes, saman med andre rovfuglar som glentar, våkar og haukar, er sekretærfuglen så særeigen at han har fått sin eigen familie, Sagittariidae.

Sekretærfugl
Sekretærfugl
Sekretærfugl
Utbreiing og status
Status i verda: Utbreiinga av sekretærfugl
Utbreiinga av sekretærfugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Sagittariidae
Slekt: Sagittarius
Art: Sekretærfugl S. serpentarius
Vitskapleg namn
Sagittarius serpentarius

Han har ein spesiell status i delar av Afrika, i Sudan og i Sør-Afrika er han med på motivet i riksvåpenet.

Skildring

endre

Ein kan identifisere arten sekretærfugl ut frå den ørneliknande kroppen saman med dei lange beina som liknar på dei hos traner. Beina gjev han ei høgd på ca. 1,3 meter. Kroppslengde er ca. 1,4 m og vekta i gjennomsnitt ca. 3,3 kilogram. Vengespennet kan vere over 2 m. Hovudet er liknar på ørnehovud med kroket nebb. På litt avstand og i flukt liknar sekretærfugl meir på traner enn på rovfugl. I flukt har halen to forlenga sentrale fjør samt lange flate fjør som strekkjer seg ut på sidene av beina. Flygefjøra og beina er svarte, dekkfjøra er lys grå, medan bryst og hals er nesten kvit. Arten viser ikkje kjønnsdimorfisme i farger, men hannen har lengre halefjør og lengre fjør på hovudet. Vaksne individ har raud fjørlaus hud i ansiktet i motsetnad til ungfuglar som har gul hud.

Etymologi

endre

Ein vanleg spekulasjon på opphavet til namnet sekretærfugl er referanse til utsjånaden av fjørtoppen bak på hovudet til denne fuglen skal minne om sekretærar som tidlegare hadde for vane å feste fjørpennar bak øyro. Ein nyare hypotese går på at namnet har opphav frå det arabiske saqr-et-tair (‘jegerfugl’). Det franske secrétaire, som liknar mykje i uttale, kan soleis vere eine ordet i artsnamnet på mange europeiske språk. Artsnamnet serpentarius kan minne ein om evnene som denne arten har som reptiljeger.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre