Rudolf
mannsnamn
Rudolf er eit mannsnamn av norrønt eller anna germansk opphav. Det er sett saman av rud-, som kan ha opphav i norrønt hróðr eller gammelsaksisk hrôt, som begge betyr 'hyllest, berømming', og -olf, som kan stamma frå norrønt ulfr eller gammalhøgtysk wolf, 'ulv'. Hróðolfr var ei norrøn og Rodhulf ei gammalsvensk form av namnet.
Rudi og Ruud er kortformer, medan Rolf og Rollo er nærskylde namn. Rudolfine er ei kvinneleg form.
Rudolf har namnedag i Noreg og Sverige den 27. mars.
Bruk
endreI Tyskland var Rudolf og Rudolph populære namn på gutebarn på første halvdelen av 1900-talet.
Namneberarar
endre- Rudolf I av det tysk-romerske riket (1218–1291), tysk keisar
- Rudolf Agricola (1444–1485), nederlandsk humanist
- Rudolf II av Det tysk-romerske riket (1552–1612), tysk keisar
- Rudolf Erich Raspe (1726-1794), tysk forfattar og vitskapsmann
- Rudolf Koller (1828-1905), sveitsisk målar
- Rudolf Eucken (1846–1926), tysk filosof, vann Nobelprisen i litteratur
- Kronprins Rudolf av Austerrike (1858–1889), austerriksk erkehertug
- Rudolf Diesel (1858 -1913), tysk ingeniør og oppfinnar
- Rudolf Steiner (1861–1925), austerriksk filosof
- Rudolf Peersen (1868-1949), norsk stortingsmann
- Rudolf Rocker (1873-1958), tysk forfattar og historikar
- Rudolf Breitscheid (1874-1944), tysk politikar
- Rudolf Hilferding (1877-1941), austerriksk sosialist
- Rudolf Hess, (1894 - 1987) tysk nazistisk politisk leiar
- Rudolf Nilsen (1901–1929), norsk diktar
- Rudolf Theodor Adolf Schubert (1908-1947), tysk nazist
Annan bruk
endre- I amerikansk populærkultur er Rudolf namnet på eitt av reinsdyra til julenissen, kjend gjennom songen «Rudolph the Red-Nosed Reindeer», på norsk «Rudolf er rød på nesen».
- I den norske filmklassikaren Fjols til fjells vil ikkje hotelldirektørdottera (Unni Bernhoft) røpa kven ho er for hotellportiér Poppe (Leif Juster). Direktørdottera heiter Ruth Granberg og ho presenterer seg difor slik: "Jeg heter Ru... Ru... Rudolf!"
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rudolf» frå Wikipedia på svensk, og «Rudolf (navn)» frå Wikipedia på bokmål den 25. mars 2009.