Rudolph the Red-Nosed Reindeer
Rudolph, the Red-Nosed Reindeer Singel av Gene Autry & The Pinafores | ||
B-side |
«If It Doesn't Snow on Christmas» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1. september 1949[1] | |
Innspelt | 27. juni 1949[1] | |
Sjanger | Jul | |
Lengd | 3:10 | |
Selskap | Columbia 38610 Columbia MJV-56 Columbia 4-38610 Columbia 33165 Challenge 1010 Challenge 59030 |
«Rudolph, the Red-Nosed Reindeer» er ein song skriven av Johnny Marks, basert på historia Rudolph the Red-Nosed Reindeer som vart publisert av Montgomery Ward Company.
Historie
endreI 1939 skapte svogeren til Marks, Robert L. May, Rudolph for Montgomery Ward og Marks valde å skrive ein song om Rudolph. Marks var ein radioprodusent som skreiv fleire andre populære julesongar.[2]
Songen hadde opphavleg ein introduksjon, som nemnte namna på dei åtte reinsdyra:
«You know Dasher and Dancer and Prancer and Vixen,
Comet and Cupid and Donner and Blitzen,
But do you recall
The most famous reindeer of all?»
Songen vart sungen av Harry Brannon på radio i New York City tidleg i november 1949, før Gene Autry spelte inn den store hitversjonen av songen jula 1949. Denne nådde toppen av singellista. Versjonen til Autry er òg den einaste songen som har lagt på toppen av singellista ei veke og så falt heilt ut av lista veka etter.[3]
Songen vart òg framført den 6. desember 1949 på radiosendinga Fibber McGee and Molly av Teeny (Marion Jordan si jenterolle) og vokalgruppa The Kingsmen. Teksten varierte stort frå Autry-versjonen.
Autry si innspeling selde 1,75 millionar eksemplar den første jula og selde etter kvart totalt 12,5 millionar eksemplar. I lag med andre versjonar har salstala for songen overstige 150 millionar eksemplar, berre bak Bing Crosby sin «White Christmas».[4][5]
Andre kjende innspelingar
endre- 1950: Songen vart spelt inn av Bing Crosby. Versjonen hans nådde sjetteplassen på Billboard si Best Selling Children's Records-lista og 14. plassen på poplista til Billboard det året.[6]
- 1950: Spike Jones and his City Slickers gav ut ein versjon av songen som nådde 7. plassen på poplista til Billboard og 8. plassen på Best Selling Children's Records-lista.[7]
- 1951: Red Foley and The Little Foleys gav ut ein versjon av songen som nådde 8. plassen på Best Selling Children's Records-lista.[8]
- 1953: Billy May spelte inn ein mamboversjon av songen kalla «Rudolph the Red-Nosed Reindeer Mambo» med vokal av Alvin Stoller.
- 1957: The Cadillacs gav ut ein doo-wop-versjon av songen som nådde 11. plassen på Billboard Rhythm & Blues Records-lista.[9]
- 1959: Dean Martin spelte inn songen for albumet hans, A Winter Romance.
- 1959: Ray Conniff spelte inn songen for albumet hans, Christmas with Conniff.
- 1960: Alvin and the Chipmunks spelte inn ein populær versjon for albumet deira Around the World with The Chipmunks. Dei spelte inn songen igjen i 1961 for Christmas with The Chipmunks og i 1994 for albumet A Very Merry Chipmunk som ein duett med Gene Autry.
- 1960: Ella Fitzgerald spelte inn songen for albumet hennar Ella Wishes You a Swinging Christmas.
- 1960: The Melodeers gav ut ein doo-wop-versjon av songen som nådde 72. plassen på Billboard Hot 100 singles-lista.[10]
- 1960: Paul Anka gav ut ein versjon av songen som nådde 104. plassen på Billboard-lista.[11]
- 1963: The Crystals spelte inn songen for rock 'n' roll-albumet A Christmas Gift for You from Philles Records, produsert av Phil Spector.
- 1964: Ernest Tubb spelte inn ein countryversjon av songen på Blue Christmas.
- 1964: Burl Ives spelte inn songen for for fjernsynsprogrammet Rudolph the Red-Nosed Reindeer. Albumet med songen nådde 142. plassen på Billboard 200.[12] Han spelte inn songen på ny året etter til Have a Holly Jolly Christmas.
- 1965: The Supremes spelte inn songen for julealbumet Merry Christmas.
- 1968: The Temptations gav ut ein versjon av songen that som nådde 12. plassen på Julesingellista til Billboard.[13] Versjonen deira av songen var òg med på julealbumet The Temptations Christmas Card.
- 1970: The Jackson 5 spelte inn songen for julealbumet deira The Jackson 5 Christmas Album.
- 1977: Rico J. Puno spelte inn songen for julealbumet hans Christmas.
- 1979: Paul McCartney spelte inn songen med tittelen Rudolph the Red-Nosed Reggae, men song ikkje på songen. Han vart gjeven ut som B-sida til den første julehitten hans, «Wonderful Christmastime».
- 1982: Merle Haggard spelte inn songen for julealbumet hans Goin' Home for Christmas.
- 1985: Ray Charles spelte inn songen for julealbumet hans The Spirit of Christmas.
- 1987: The California Raisins spelte inn ein Motown pop-aktig versjon av songen for Will Vinton sin A Claymation Christmas Celebration.
- 1989: The Simpsons framførte songen under pilotepisoden «Simpsons Roasting on an Open Fire».
- 1990: Dolly Parton spelte inn songen for julealbumet hennar Home for Christmas.
- 1995: Mannheim Steamroller produserte ein techno-aktig synth-driven versjon på albumet deira Christmas in the Aire.
- 1996: Alan Jackson gav ut ein versjon av songen som nådde 56. plassen på Hot Country Singles & Tracks-lista.[14]
- 1996: The Wiggles spelte inn ein versjon av songen for albumet deira Wiggly, Wiggly Christmas. Eit år seinare song dei songen i videoen Wiggly Wiggly Christmas.
- 1996: Peach Hips spelte songen i den femte sesongen av Sailor Moon.
- 1998: Babyface spelte inn songen for julealbumet hans Christmas with Babyface.
- 1999: Jewel spelte inn songen for julealbumet hennar Joy: A Holiday Collection.
- 1999: Ringo Starr spelte inn songen for julealbumet hans I Wanna Be Santa Claus.
- 2000: Lynyrd Skynyrd spelte inn songen for julealbumet deira Christmas Time Again.
- 2002: Jack Johnson spelte inn songen for albumet Maybe This Christmas.
- 2003: Chicago gav ut ein jazz-funk-versjon av songen for albumet deira What's It Gonna Be, Santa
- 2004: Destiny's Child spelte songen på julealubmet deira 8 Days of Christmas.
- 2004: Rugrats-figuren Susie Carmichael, og Kimi Finster spelte ein rockeversjon av songen i 2004 på albumet Rugrats Holiday Classics.
- 2007: 1910 Fruitgum Company spelte inn songen for julealbumet deira Bubblegum Christmas.
- 2009: Barry Manilow spelte inn songen på det tredje julealbumet hans, In the Swing of Christmas.
- 2012: Rapperen DMX spelte ein acappella versjon av songen.[15]
- 2012: Metalcorebandet August Burns Red spelte inn og gav ut songen på julealbumet deira August Burns Red Presents: Sleddin' Hill.
Norsk versjon
endreSongen er omsett til norsk av Egil Hagen og Arne Bendiksen som «Rudolf er rød på nesen». Bendiksen spelte sjølv inn «Rudolf er rød på nesen» med Egil Monn-Iversens orkester på singlen Triola TN-122 og EP-plata Vintereventyr (Triola TNEP-1005).[16]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rudolph the Red-Nosed Reindeer» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 6. desember 2017, henta 9. november 2015
- ↑ Kim, Wook (17. desember 2012). «Yule Laugh, Yule Cry: 10 Things You Didn’t Know About Beloved Holiday Songs». Time. Arkivert frå originalen den 21. desember 2014.
- ↑ Casey Kasem American Top 40 8. april 1979
- ↑ Badger, Reid; Salem, James (22. desember 1996). «America's Holiday Sound– Distinctive artists». The Tuscaloosa News (Google News). Henta 17. oktober 2013.
- ↑ Jackson, Kenneth T. (15. august 1998). The Scribner Encyclopedia of American Lives, Volume 1. Gale. s. 550. Henta 17. oktober 2013. «, while Autry's version of «Rudolph the Red-Nosed Reindeer» sold more than 12.5 million copies»
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Christmas in the Charts (1920–2004). Wisconsin: Record Research Inc. s. 31. ISBN 0-89820-161-6.
- ↑ Whitburn s. 43
- ↑ Whitburn s. 36
- ↑ Whitburn s. 25
- ↑ Whitburn s. 49
- ↑ Whitburn s. 18
- ↑ «'Burl Ives' Billboard 200». billboard.com.
- ↑ Whitburn s. 61
- ↑ Whitburn s. 42
- ↑ http://www.hiphopdx.com/index/news/id.22078/title.dmx-performs-rendition-of-rudolph-the-red-nosed-reindeer
- ↑ Plateboksen – Arne Bendiksen – Diskografi – EP'er, arkivert frå originalen 18. november 2011, henta 9. november 2015