Rudolph the Red-Nosed Reindeer

Rudolph, the Red-Nosed Reindeer
Singel av Gene Autry & The Pinafores
B-side

«If It Doesn't Snow on Christmas»
«Here Comes Santa»
«Here Comes Santa Claus»

Utgjeve 1. september 1949[1]
Innspelt 27. juni 1949[1]
Sjanger Jul
Lengd 3:10
Selskap Columbia 38610
Columbia MJV-56
Columbia 4-38610
Columbia 33165
Challenge 1010
Challenge 59030

«Rudolph, the Red-Nosed Reindeer» er ein song skriven av Johnny Marks, basert på historia Rudolph the Red-Nosed Reindeer som vart publisert av Montgomery Ward Company.

Historie endre

I 1939 skapte svogeren til Marks, Robert L. May, Rudolph for Montgomery Ward og Marks valde å skrive ein song om Rudolph. Marks var ein radioprodusent som skreiv fleire andre populære julesongar.[2]

Songen hadde opphavleg ein introduksjon, som nemnte namna på dei åtte reinsdyra:

«You know Dasher and Dancer and Prancer and Vixen,
Comet and Cupid and Donner and Blitzen,

But do you recall
The most famous reindeer of all?»

Songen vart sungen av Harry Brannon på radio i New York City tidleg i november 1949, før Gene Autry spelte inn den store hitversjonen av songen jula 1949. Denne nådde toppen av singellista. Versjonen til Autry er òg den einaste songen som har lagt på toppen av singellista ei veke og så falt heilt ut av lista veka etter.[3]

Songen vart òg framført den 6. desember 1949 på radiosendinga Fibber McGee and Molly av Teeny (Marion Jordan si jenterolle) og vokalgruppa The Kingsmen. Teksten varierte stort frå Autry-versjonen.

Autry si innspeling selde 1,75 millionar eksemplar den første jula og selde etter kvart totalt 12,5 millionar eksemplar. I lag med andre versjonar har salstala for songen overstige 150 millionar eksemplar, berre bak Bing Crosby sin «White Christmas».[4][5]

Andre kjende innspelingar endre

Norsk versjon endre

Songen er omsett til norsk av Egil Hagen og Arne Bendiksen som «Rudolf er rød på nesen». Bendiksen spelte sjølv inn «Rudolf er rød på nesen» med Egil Monn-Iversens orkester på singlen Triola TN-122 og EP-plata Vintereventyr (Triola TNEP-1005).[16]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 6. desember 2017, henta 9. november 2015 
  2. Kim, Wook (17. desember 2012). «Yule Laugh, Yule Cry: 10 Things You Didn’t Know About Beloved Holiday Songs». Time. Arkivert frå originalen den 21. desember 2014. 
  3. Casey Kasem American Top 40 8. april 1979
  4. Badger, Reid; Salem, James (22. desember 1996). «America's Holiday Sound– Distinctive artists». The Tuscaloosa News (Google News). Henta 17. oktober 2013. 
  5. Jackson, Kenneth T. (15. august 1998). The Scribner Encyclopedia of American Lives, Volume 1. Gale. s. 550. Henta 17. oktober 2013. «, while Autry's version of «Rudolph the Red-Nosed Reindeer» sold more than 12.5 million copies» 
  6. Whitburn, Joel (2004). Christmas in the Charts (1920–2004). Wisconsin: Record Research Inc. s. 31. ISBN 0-89820-161-6. 
  7. Whitburn s. 43
  8. Whitburn s. 36
  9. Whitburn s. 25
  10. Whitburn s. 49
  11. Whitburn s. 18
  12. «'Burl Ives' Billboard 200». billboard.com. 
  13. Whitburn s. 61
  14. Whitburn s. 42
  15. http://www.hiphopdx.com/index/news/id.22078/title.dmx-performs-rendition-of-rudolph-the-red-nosed-reindeer
  16. Plateboksen – Arne Bendiksen – Diskografi – EP'er, arkivert frå originalen 18. november 2011, henta 9. november 2015 

Bakgrunnsstoff endre