Rune Gjeldnes
Rune Gjeldnes (fødd 20. mai 1971 i Surnadal) er ein norsk marinejeger og polfarar.
Rune Gjeldnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. mai 1971 (53 år) Surnadal kommune |
Yrke | oppdagar |
Gjeldnes er utdanna marinejeger ved Marinejegerkommandoen i Ramsund. Saman med Torry Larsen, ein kollega i MJK, , kryssa han Grønland på tvers — frå vest til aust — i 1994. Det var overraskande lett, meinte Gjeldnes, og rekna ekspedisjonen som ein treningstur. Å kryssa Grønland på langs vart difor eit nytt mål.
Då Gjeldnes og Larsen kryssa Grønland på langs ville dei at det skulle vera så likt ein marinejegaroperasjon som råd; både bruk av luft, hav og land. Utruleg nok fekk dei lov til å verta transportert med eit av MJK sine spesialbygde Herculesfly. Etter klargjering med Grønland, hoppa Gjeldnes og Larsen ut med fallskjerm i 1996. I den augneblinken gjekk operasjonen frå å vera ein militær operasjon over til ein sivil ekspedisjon. Dei nådde havet i sør, etter å ha gått eit par timar, og padla med kajakk til det sørlegaste punket, Kapp Farvel. Herifrå starta dei å gå på ski nordover, med tung sekk og pulk. Mat og energibruk var viktig på turen; Gjeldnes og Larsen sendte inn prøvane sine til Forsvaret for vidare forsking. Gjeldnes forbrann om lag 9000 kcal dagleg, medan Larsen brukte 12000 kcal. Dei klarte derimot ikkje å få i seg meir enn 6000 kcal kvar dag; og Gjeldnes gjekk ned 2 kilo under ekspedisjonen.
I 2000 kryssa han i 2000 polhavet frå Severnaja Zemlja i Russland via Nordpolen fram til Cape Discovery i Canada saman med Torry Larsen.
Han vart den fyrste som har kryssa båe polane utan assistanse, og står òg registrert med den lengste skituren i verda på 4804 km etter at han kryssa Antarktis åleine i 2005/2006.
Ekspedisjonar
endreÅr | Namn | Mål | Varigheit | Følgje | Utmerking |
---|---|---|---|---|---|
1996 | Grønland på langs | Kryssa Grønland frå nord til sør (2928 km) | 86 døger | Torry Larsen | Fyrste vellukka kryssing |
1998 | Mt. Aconcagua | Til topps på Aconcagua-fjellet (6962 moh.) | 11 døger | Ricky Hunt | |
1998 | Merevari ekspedisjonen | Padla ned Merevari-elva (650 km) | 33 døger | Torry Larsen | Fyrste vellukka ekspedisjon |
2000 | Arctic Ocean | Kryssa polhavet frå Russland til Canada | 109 døger | Torry Larsen | Fyrste ekspedisjon utan assistanse |
2001 | The Devils Cave | Ta seg fram til Djevelgrotta i Amazonas | 35 døger | Torry Larsen, Bjørn Loe og Andreas Hauer | Fyrste vellukka ekspedisjon |
2005/2006 | Lengste skituren i verda | Kryssa Antarktis på ski (4804 km) | 93 døger | Åleine | Lengste skiekspedisjon utan assistanse |
Madagascar | Padla ned Mangoky-elva (680 km) | 42 døger | Hilde Aass | Fyrste vellukka ekspedisjon |
Kjelder
endre- Foredrag med Rune Gjeldnes, Setermoen leir, Bardu, 27. mai 2014
- Denne artikkelen bygger på «Rune Gjeldnes» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2013.