Sødorp kyrkje er ei krosskyrkjeVinstra i Nord-Fron kommune i Innlandet.

Sødorp kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Nord-Fron
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Gudbrandsdal
Sokn Sødorp
Fellesråd Nord-Fron
Type krosskyrkje
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 12. september 1752
Tårn Sentraltårn
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Kristen Listad, 1765
Døypefont Kleberstein, 1200/1300-talet
Altartavle Kristen Listad, 1765
Sitjeplassar 370[1]
Diverse Korbåge, krusifiks og to relieff av Listad
Kart
Sødorp kyrkje
61°35′56″N 9°44′06″E / 61.59888889°N 9.735°E / 61.59888889; 9.735
Wikimedia Commons: Sødorp kirke

Kyrkja vart oppført i 1750–52 av byggmeistrane Erland Bryn og Hans Sæter. (Per Korpberget vert av og til nemnt i samband med kyrkja, men det kan vere fordi han har bygd så mykje anna i området.) Kyrkja stod på Sødorp, sør på Vinstra, til 1910. I 1850 bles tårnet ned, og kyrkja fekk eit lågare spir. Så vart kyrkja flytta til prestegarden Nordgard Brandvold, og då fekk ho igjen eit høgt spir. Nokre år seinare vart Sødorp kapell bygd på den gamle kyrkjestaden, som er frå mellomalderen.

Inventaret frå gamlekyrkja vart overført til den nye kyrkja, men i 1762–65 laga Kristen Listad både altartavle, preikestol og korboge med kongemonogram (for Frederik V). Han skar òg eit krusifiks samt relieffigurar av Peter og Sakkeus på to av dørene. Inventaret har vore overmåla, men er seinare fargerestaurert. Orgelet er digitalt.

Fotnotar endre

  1. Jubileumshefte. Andre kjelder har lågare overslag.

Bakgrunnsstoff endre