Sølvi

kvinnenamn

Sølvi er eit kvinnenamn, ei norsk sideform til namnet Sylvi eller Sylvia, som er hokjønsforma av det latinske ordet Silvius, som tyder skog. Namnet kan og vere avleia av namnet Sølve, eit namn kan vere sett saman av Sǫl- ('hus, sal') og -ve ('heilagdom') eller -ver ('mann, kjempe'), men som kvinnenamn òg kan vere ei kortform av namn som Solveig.

Sølvi har norsk namnedag den 20. juni.

BrukEndra

Bruken av namnet i NoregEndra

Namnet var lite bruka rundt førre hundreårsskifte, men populariteten steig kraftig i mellomkrigstida, med ein topp mot slutten av 1950-åra.

  • I folketeljinga frå 1801 hadde 27 kvinner namnet Sølvi
  • I 1900 var 17 kvinner listeførte med namnet Sølvi, flest budde i Hordaland
  • I 2008 hadde 3691 kvinner Sølvi til første fornamn

Kjende namneberararEndra

KjelderEndra