Sølvmaurfugl

art av sporvefuglar

Sølvmaurfugl, Sclateria naevia, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Sclateria.

Sølvmaurfugl
Sølvmaurfuglhann
Sølvmaurfuglhann
Sølvmaurfuglhoe
Sølvmaurfuglhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sølvmaurfugl
Utbreiinga av sølvmaurfugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Sclateria
Art: Sølvmaurfugl S. naevia
Vitskapleg namn
Sclateria naevia

Dei har utbreiing i tropisk Sør-Amerika frå Colombia og øya Trinidad sørover til Peru, Bolivia og sentrale Brasil.

Dette er ein sky bakkelevande fugl som lever i våte, skyggefulle område, slik som i undervegetasjon eller under overhengande vegetasjon nær bekker, lagunar eller sumpar. Dei er vanlegvis funne i par, beitar på bakken etter små insekt og andre leddyr plukka frå blad eller vassoverflata.

Sølvmaurfugl er vanlegvis 15 cm lang, og veg 20 g. Den vaksne hannane av nominatunderarten S. n. naevia har mørk grå overside og mørke venger med to rader av små, kvite flekker. Undersida er kvit, omfattande og breitt smykka med grått. Hoa har mørk brun overside, med gulbrune vengeflekker og mykje gråstripa underside.

Hannar av den særeigne Amazonas-underarten S. n. argentata har flankane og øvre bryst i gråkvitt med grå flekker, og hoene har kvit, sentral underside, sider på hovudet, nakke og kroppsidene er raudbrune.

Sølvmaurfugl har eit høgt pi-pi-pi-pi-pi-pi-pi rop, ofte den første indikasjonen på at dei finst i habitata sine.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sølvmaurfugl