Sølvmaurfugl
Sølvmaurfugl, Sclateria naevia, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Sclateria.
Sølvmaurfugl | |
Sølvmaurfuglhann | |
Sølvmaurfuglhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av sølvmaurfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Sclateria |
Art: | Sølvmaurfugl S. naevia |
Vitskapleg namn | |
Sclateria naevia |
Dei har utbreiing i tropisk Sør-Amerika frå Colombia og øya Trinidad sørover til Peru, Bolivia og sentrale Brasil.
Dette er ein sky bakkelevande fugl som lever i våte, skyggefulle område, slik som i undervegetasjon eller under overhengande vegetasjon nær bekker, lagunar eller sumpar. Dei er vanlegvis funne i par, beitar på bakken etter små insekt og andre leddyr plukka frå blad eller vassoverflata.
Sølvmaurfugl er vanlegvis 15 cm lang, og veg 20 g. Den vaksne hannane av nominatunderarten S. n. naevia har mørk grå overside og mørke venger med to rader av små, kvite flekker. Undersida er kvit, omfattande og breitt smykka med grått. Hoa har mørk brun overside, med gulbrune vengeflekker og mykje gråstripa underside.
Hannar av den særeigne Amazonas-underarten S. n. argentata har flankane og øvre bryst i gråkvitt med grå flekker, og hoene har kvit, sentral underside, sider på hovudet, nakke og kroppsidene er raudbrune.
Sølvmaurfugl har eit høgt pi-pi-pi-pi-pi-pi-pi rop, ofte den første indikasjonen på at dei finst i habitata sine.
Kjelder
endre- Første utgåva av artikkelen byggjer på «Silvered Antbird» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2011
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av sølvmaurfugl hos Internet Bird Collection
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Sclateria naevia. Henta frå http://www.birdlife.org.