Sør-Kina-havet
Sør-Kina-havet er den delen av Stillehavet som er avgrensa av det asiatiske fastlandet og øyane Sumatra, Borneo, Luzon og Taiwan. I tillegg har Kina, Vietnam, Malaysia, Indonesia, Kambodsja, Brunei og Filippinene kyst mot Sør-Kina-havet.
Sør-Kina-havet | |||
bukt | |||
Land | Folkerepublikken Kina, Vietnam Republikken Kina, Malaysia Kambodsja, Filippinane Brunei | ||
---|---|---|---|
Del av | Stillehavet | ||
Sørkinahavet 12°N 113°E / 12°N 113°E | |||
Wikimedia Commons: South China Sea |
Sør-Kina-havet grensar til Austkinahavet i nord gjennom Taiwansundet, mot Filippinarhavet i aust gjennom Luzonsundet, mot Javasjøen i sør mellom Sumatra og Borneo og mot Andamanhavet og Indiahavet i vest gjennom Malakkasundet. Mot det asiatiske fastlandet dannar Sørkinahavet to store bukter, Tonkinbukta i Vietnam og Kina, og Thailandbukta mellom Indokina og Malayahalvøya.
Sør-Kina-havet omfattar 3 500 000 km². Det er over 200 små øyar i havet, mange av dei er omstridde mellom landa som ligg rundt.
Sør-Kina-havet er i dag den nest mest brukte sjøvegen i verda. Det er ein del petroleumsreservoar i området. Det dreiar seg om om lag 4,5 km³ olja og 7 500 km³ naturgass.
Kjelder
endre- Artikkelen er i hovudsak omsett frå Wikipedia på bokmål, 17. juni 2007.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |