Søren Rasmussen
Søren Rasmussen (15. desember 1768–26. juni 1850) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Søren Rasmussen | |||
| |||
Fødd | 15. desember 1768 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 26. juni 1850 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | fysikar, matematikar, politikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Rasmussen var fødd i Bergen, faren hans var i si tid politimeister og byfut i byen. Han vart student frå Kristiansand i 1787. Ti år seinare vart han overlærar ved katedralskulen i Kristiania. I 1809 deltok han i stiftinga av Selskabet for Norges Vel, styremedlem dei fem fyrste åra selskapet var i drift.
I 1813 vart han tilsett som professor i matematikk ved universitetet i Kristiania. Samstundes førelas han i faget fysikk. Perioden 1825-38 var han zahlkasserar.
Rasmussen var 1. representant for Kristiania på Stortinget 1815-16. Han var då medlem av Lagtinget og av fjorten komitear. Mellom anna var han formann i komiteen om universitetsfundasen og i komiteen om kjøpstadskatten. Som medlem av Lagtinget var han med i riksretten 1815-16.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Søren Rasmussen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv