Sørrollnes kapell

kapell i Ibestad

Sørrollnes kapell er eit kapellSørrollnes i Ibestad kommune i Troms fylke. Kapellet er ei langkyrkje i tre som er bygd for 110 sitjeplassar. Det vart innvigd i 1976. Kapellet er modellert på ei typeteikning for kyrkjestove frå firmaet Ric. Bjørn. Sørrollnes Kapellforening står bak drifta av kapellet.

Sørrollnes kapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Ibestad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Trondenes
Sokn Ibestad
Type Langkyrkje
Arkitekt Ric. Bjørn
Material Tre
Innvigd 12. desember 1976
Takryttar På mønet
Kyrkjegard Nokre hundre meter frå kapellet
Preikestol 1976
Døypefont 1976
Altartavle Trekross
Orgel Harmonium
Sitjeplassar 110
Kart
Sørrollnes kapell
68°43′42″N 16°49′48″E / 68.728381°N 16.829989°E / 68.728381; 16.829989

Det kvitmåla kapellet har ikkje altartavle, men ein enkel trekross på fondveggen. Til høgre for krossen heng eit bilete som er måla i kopi etter Heinrich Hofmann sitt bilete av Jesus i bøn i Getsemane i Riverside Church i New York.

Gravplassen ligg nokre hundre meter nord for kapellet, aust for Kirkegårdsveien.

Kjelder endre

  • Ronny Trælvik og Arne Ivar Hanssen (2017). Kirkene i Troms III. Bok i Nord. s. 140–145. ISBN 9788293393108. 

Bakgrunnsstoff endre