Riverside Church er ei fleirkyrkjeleg kyrkje i Morningside Heights i Manhattan i New York. Ho ligg i kvartalet mellom Riverside Drive, Claremont Avenue, 120th Street og 122nd Street i nærleiken av Morningside Heights-campusen til Columbia University og imot minnesmerket Grant's Tomb. Kyrkja er knytt til American Baptist Churches USA og United Church of Christ. Ho blei skipa av den filantropiske forretningsmannen og baptisten John D. Rockefeller Jr. i samarbeid med den presbyteriske presten Harry Emerson Fosdick som ei stor kyrkje for fleire kyrkjesamfunn i det akademiske nabolaget Morningside Heights.

Riverside Church

ArkitektHenry C. Pelton, Allen & Collens
Stilnygotikk
Kart
Riverside Church
40°48′42″N 73°57′47″W / 40.81178°N 73.96307°W / 40.81178; -73.96307

Historie

endre
 
Riverside Church mellom Grant's Tomb (venstre) og The Interchurch Center

Den opphavlege bygningen opna i 1930. Han var utforma av Henry C. Pelton og Allen & Collens i nygotikk. Kyrkja har eit skip med fem travéar, kor framme i skipet, eit tårn på 22 etasjar og ei høgd på 392 fot (119 m) over skipet; ein forhall (narthex) og eit kapell; og ein krossgang mellom austinngangen og Claremont Avenue. Nær toppen av tårnet er eit carillon med 74 klokker, det tyngste i verda. Det er dedisert til John Rockefeller Jr. ski mor, Laura Spelman Rockefeller. Ei fløy med sju etasjar blei bygd på sørsida av den opphavlege bygningen i 1959, utforma av Collens, Willis & Beckonert, og kalla opp etter Martin Luther King jr. i 1985. The Stone Gym i søraust blei bygd i 1915 som ein sovesal, utforma av Louis E. Jallade, og gjort om til gymnastikkområde i 1962.

Riverside Church har vore eit fokus for global og nasjonal aktivisme sidan skipinga.[1] Kyrkjelyden er etnisk mangfaldig. Kyrkja blei erklært eit landemerke av New York City Landmarks Preservation Commission i 2000,[1] og blei del av National Register of Historic Places i 2012.[2]

4. april 1967, eit år før han blei drepen, var Martin Luther King Jr. i kyrkja med i ein tale kalla Beyond Vietnam: A Time to Break Silence, der han tala imot Vietnamkrigen.[3][4][5] Jesse Jackson tala ved gravferda til Jackie Robinson der i 1972.[6] I 1991 vitja Nelson Mandelakyrkja og tala der etter å ha kome ut av fengsel.[7] Generalsekretær Kofi Annan frå SN talte der etter terroråtaka 11. september 2001,[8] og president Bill Clinton talte ved kyrkja i 2004.[9][10]

Andre talarar ved Riverside Church har vore teologane Paul Tillich, som underviste i nærleiken,[11] og Reinhold Niebuhr;[7] borgarretsforkjemparane Cesar Chavez[7] og Desmond Tutu;[7][12] den cubanske presidenten Fidel Castro;[13] den 14. dalai lamaen[14] og kong Abdullah II av Jordan.[14]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Landmarks Preservation Commission 2000
  2. «National Register of Historic Places Weekly Lists for 2012» (PDF). U.S. National Park Service. December 28, 2012. Henta February 15, 2020. 
  3. «Letter from Robert J McCracken to MLK». King Center for Nonviolent Social Change. Arkivert frå originalen 22. januar 2012. Henta April 12, 2012. 
  4. Scruggs, Afi-Odelia (January 13, 2017). «Beyond Vietnam: The MLK speech that caused an uproar». USA Today. Henta November 19, 2019. 
  5. «Martin Luther King, Jr.,'s Searing Antiwar Speech, Fifty Years Later». The New Yorker. 3. april 2017. Henta November 19, 2019. 
  6. «But on That Dash Is Where We Live». The New York Times. October 28, 1972. ISSN 0362-4331. Henta November 10, 2019. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Paris et al. 2004
  8. Welch, R.; Penn, E. (2007). New York: A Pictorial Celebration. Sterling Pub. s. 80. ISBN 978-1-4027-2383-4. Henta February 29, 2020. 
  9. Hernandez, Raymond (August 30, 2004). «The Republicans: The Convention In New York - The Clintons; After Sharing the White House, Sharing a Critique of the G.O.P.». The New York Times. ISSN 0362-4331. Henta November 10, 2019. 
  10. «Bill Clinton awaits heart surgery next week». CNN. September 4, 2004. Henta November 10, 2019. 
  11. Paris et al. 2004
  12. «Desmond Tutu will speak at Riverside Church April 29». Columbia Spectator. April 21, 1988. Henta November 10, 2019. 
  13. Smith, David (November 27, 2016). «Fidel Castro in the US: cars, cigars and a meeting with Malcolm X». The Guardian. ISSN 0261-3077. Henta November 10, 2019. 
  14. 14,0 14,1 Konigsberg, Eric (June 10, 2007). «With an Exit, a Historic Church at a Crossroads». The New York Times. ISSN 0362-4331. Henta November 10, 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Riverside Church