Salmonella
Systematikk
Domene: Bakteriar Bacteria
Rike: Pseudomonadati
Rekkje: Pseudomonadota
Klasse: Gammaproteobacteria
Orden: Enterobacterales
Familie: Enterobacteriaceae
Slekt: Salmonella

Salmonella er ei slekt med stavforma gram-negative bakteriar i familien Enterobacteriaceae. Til slekta vert det rekna to artar, Salmonella bongori og Salmonella enterica; der S. enterica er typearten. I tillegg finst det mange serotypar. Serotypane av Salmonella vert oppgjevne på ein måte som liknar artsnamn, men der namnet på serotypen har stor bokstav og er ikkje skriven med hallande skrift; til dømes Salmonella Typhi (på stuttform).

Salmonella-bakteriar kan valda ymse sjukdomar i både menneske og dyr. Hjå menneske kan dei til dømes valda tyfoidfeber og gastroenteritt.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre