Valmanntalet til Sametinget

(Omdirigert frå Samemanntalet)

Valmanntalet til Sametinget er registeret over alle som har røysterett til valet til Sametinget i Noreg. Det var per 2017 registrert 16 958 personar i manntalet[1]. Frå det vart oppretta i 1989 og fram til 2008 heitte registeret «samemanntalet».

Kriteria for medlemsskap i Valmanntalet til SametingetEndra

For å stå i Valmanntalet til Sametingetmå ein vere 18 år, sjølv oppfatte seg som same, og anten ha samisk som heimespråk, ha (hatt) forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk, eller vere barn av person som står eller har stått i manntalet[2].

ValkrinsarEndra

Dei 7 valkrinsane er:

Nr. Valkrins Røysteføre i 2017
1. Austre valkrins 2303
2. Avjovárri valkrins 3738
3. Nordre valkrins 2540
4. Gáisi valkrins 2547
5. Vesthavet valkrins 1788
6. Sørsamisk valkrins 1148
7. Sør-Noreg valkrins 2894
Til saman 16 958

KjelderEndra

  1. «Sametingets valgmanntall 2017», www.sametinget.no, henta 25. februar 2019 
  2. «Innmelding i valgmanntallet», www.sametinget.no, henta 25. februar 2019 

BakgrunnsstoffEndra