Sandeid
Sandeid er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare også ein kommune.
Sandeid (tettstad) | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Vindafjord | ||
Areal | 0,63 km² | ||
Folketal | 689 (2022) | ||
Folketettleik | 1 094 / km² | ||
Postnummer | 5585 SANDEID | ||
![]() Sandeid | |||
Wikimedia Commons: Sandeid, Vindafjord | |||
Sandeid tettstad endre
Sandeid, eller Sandeidsjøen, ligg inst i Sandeidsfjorden. Fylkesveg 46 går gjennom Sandeid, og Riksveg 514 går nordover til Ølensjøen. Det er barneskule og barnehage i bygda, og den største verksemda er slakteriet til Gilde.
Sandeid sokn endre
Soknet femnar om bygdene vid indre Sandeidsfjorden og har 1 081 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.
Sandeid kommune endre
Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sandeid ein del av Vikedal kommune, men vart i 1923 frådelt som ein eigen kommune, då med 558 innbyggjarar. I 1965 vart Sandeid kommune med 876 innbyggjarar nedlagd og gjekk inn i den nyoppretta Vindafjord kommune.