Sandsøya i Harstad
(Omdirigert frå Sandsøya i Bjarkøy)
Sandsøya er ei øy i Harstad kommune i Troms. Øya ligg aust for Grytøya og søraust for Bjarkøya, og har eit areal på 10,8 km². Det høgaste punktet på øya er Veten på 212 moh. Sandsøya hadde i 2001 107 innbyggjarar.
Sandsøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 68°50′18″N 14°46′20″E / 68.83833°N 14.77222°E
|
Areal | 10,8 km²
|
Høgaste punkt | Veten (212 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms
|
Demografi | |
Folketal | 107 (2001) |
Folketettleik | 9,4 /km² |
Det er ferjesamband mellom Altevik på Sandsøya og Fenes på Grytøya og Austnes på Bjarkøya.
Det er òg samband med hurtigbåt frå Sandsøya til Harstad, Austnes og Senja.
Ved kommunevalet i 2005 vart Jorunn Berg frå Sandsøya vald til ordførar i Bjarkøy. Ho representerer Sandsøy og Fenes/Skjellesvik Bygdeliste, òg kalla Sandsøylista.[1]
Sjå òg
endreReferansar
endre Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.