Santandersmett

art av sporvefuglar
Santandersmett
Santandersmett
Santandersmett
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Santandersmett
Utbreiinga av Santandersmett
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Slekt: Thryophilus
Art: Santandersmett T. nicefori
Vitskapleg namn
Thryophilus nicefori

Santandersmett (Thryophilus nicefori) er ein fugl i gjerdesmettfamilien. Han er endemisk til Santander-departementet i Colombia, og er kritisk truga.

SkildringEndra

Santandersmetten er ein mellomstor medlem i familien, ca. 15 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta til vaksne fuglar er brun på oversida med lys grå til kvit underside. Andletet har svartkvite striper og han har ei iaugefallande kvit augebrynstripe. Både halen og vengene har svarte tverrstriper. Nebbet er lyst.[1]

Utbreiingsområdet på ca. 4700 km2 ligg rundt San Gil, litt sør for Bucaramanga. Dette er vestskråninga av den austre fjellkjeda av Andes. Her lever santandersmetten frå 800 til 2100 moh., i tørt skogshabitat, helst med tre, mykje lianar og nedfallsblad.[2]

Populasjonen er estimert til å ligge mellom 50 og 250 individ inkludert ungfuglar, og er trudd å minke. Trugsmåla inkludering utviding av jordbruksareal. Arten er klassifisert som kritisk truga.[2]

KjelderEndra

Referansar
  1. Kroodsma et al, 2015
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2015)

BakgrunnsstoffEndra