Sør-Asia

(Omdirigert frå Sørasiatisk)

Sør-Asia er nemninga på den delen av Asia som omfattar land som hovudsakleg ligg på det indiske subkontinentet; India, Bangladesh, Bhutan, Nepal, Pakistan og delar av Afghanistan, og øyane rundt; Sri Lanka og Maldivane, og dei indiske øygruppene Andamanane, Nikobarane og Lakkadivane. Sidan Burma var del av Britisk India er også det nokre gonger rekna som del av Sør-Asia. I den SN-definerte regionen «Sørlege Asia» er også Iran teke med, i tillegg til landa som er nemnd over.[1] SN har skipa denne nemninga berre for statistiske føremål.[2]

Satellittbilde av Sør-Asia.
Foto: NASA
Nepalsk nygift par viser ei blanding av tradisjonelle indiske klede og rituale, og nyare europeisk stil. Begge deler er vanleg i størsteparten av Sør-Asia.
Foto: Sigismund von Dobschütz

Området har aldri vore eitt land, og det bur mange svært ulike folkegrupper der. Likevel finst det ei kjensle av fellesskap, som ein mellom anna kan sjå i utrrykket «desi», som tyder ‘frå landet [vårt] ’, og blir brukt flittig av den sørasiatiske diasporaen. «Sør-Asia» og «sørasiatisk» er nokså ny nemningar, tidlegare brukte ein gjerne «indisk» eller «austindisk». Dette ser ein til dømes i uttrykk som indisk mat, som gjerne viser til alle typar mat frå Sør-Asia, og som ofte blir servert i ein «indisk restaurant», også om eigaren til dømes er bangladeshar.

Historie endre

Sørasiatisk historie

    

Steinalder 70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen • 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen 3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur 1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid 1500–500 f.Kr.
Jernalder 1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada • 700–300 f.Kr.
Magadhariket • 545–320 f.Kr.
Mauryariket • 321–184 f.Kr.
Mellomrika 230 f.Kr.–1279
Satavahanariket • 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket • 60–240
Guptariket •280–550
Palariket • 750–1174
Tsjolariket • 848–1070
Muslimske rike 1206–1596
Delhi-sultanatet • 1206–1526
Dekkan-sultanat • 1490–1596
Hoysalariket 1040–1346
Kakatiyariket 1083–1323
Vidjayanagarariket 1336–1565
Marathariket 1674–1818
Mughalriket 1526–1707
Sikh-samveldet 1716–1849
Britisk India 1858–1947
Delinga 1947 og vidare

Sør-Asia var heimen for nokre av dei første jordbrukskulturane og for fleire mektige oldtidsrike. Gjennom historia har det blitt dekt av fleire store keisarrike, som Mauryariket og Britisk India, men det fanst også alltid fleire mindre, uavhengige statar.

Det eldste steinalderfunna ein har gjort i Sør-Asia, som i Soandalen i noverande Pakistan, er datert som mellom 500 000 og 125 000 år gamle, medan Mehrgarh frå 7000-3200 f.Kr. er ein av dei eldste stadene i verda ein har funne spor etter jordbruk, både plantedyrking og husdyrhald.[3]

Medan dei fleste menneska som heldt til i området på denne tida truleg talte dravidiske språk, vandra det mellom 1500 og 1200 f.Kr. inn stammefolk som tala indoariske språk. Desse tok med seg vedisk kultur, der kua stod sentralt; språk som skulle bli til hindi, urdu og fleire andre moderne sørasiatiske språk; og stod truleg også bak det indiske kastesystemet. Fleire av dei grunnleggande trekka ved hinduismen var på plass.

På om lag 500-talet f.Kr. oppstod det to religionar med utgangspunkt i hinduisme; buddhismen og djainismen, mellom anna som reaksjon på den ritualiserte hinduismen. Desse skulle blir utbreidde til store delar av Asia før dei igjen i stor grad blei fortrengde frå Sør-Asia av ein omforma hinduisme.

Sør-Asia blei invadert av fleire hærar, først av Aleksander den store i 320-åra f.Kr., seinare av indogrekarar og skytarar som grunnla kongerike. Samstundes voks innfødde rike som Maurya, Gupta i nord og Pallava og Tsjalukya. Tsjolariket, som voks fram på 900-talet, dekte store delar av Sør-India i tillegg til Malayahalvøya og indonesiske øyar.

Den første muslimske invasjonen av Sør-Asia fann stad i Sind i 712, medan Punjab og Peshawar blei tekne på 900-talet. Frå 1000- til 1300-talet plyndra mongolar nordlege område, medan andre muslimske krefter gradvis overvann rike her fram til grunnlegginga av Mogulriket på 1500-talet gjorde muslimar til herskarar i store delar av området. Under desse voks sikhismen fram.

Sør-Asia var på sitt rikaste på 1700-talet, då det eksporterte krydder, tekstilar og verdigjenstandar som diamantat. Mogulkeisarane herska då i nord og marathaene i vest og sør, men Storbritannia og andre europeiske land oppretta koloniar som stadig voks, og ende opp med å kontrollera området. Dei byrja å gje slepp frå midten av 1900-talet, då Sri Lanka fekk sjølvstende og India og Pakistan (med det som seinare blei Bangladesh) blei oppretta gjennom den traumatiske delinga av Britisk India, og blei gjevne eller tok over tidlegare sjølvstendige land og andre europeiske koloniar. Nepal og Bhutan fortsette å vera sjølvstendige.

Samfunn endre

Politikk endre

 
LTTE-soldatar på Sri Lanka.
Foto: Ulf Larsen

Fleire av landa har uløyste politiske spørsmål. Sri Lanka har lidd under ei etnisk konflikt mellom singalesarar og tamilar, medan Nepal har opplevd lang tids borgarkrig mellom eit eineveldig monarki og ein kommunistisk gerilja. Både Bangladesh og Pakistan har i store delar av historia si vore under militærdiktatur, og har opplevd mykje politisk uro, korrupsjon og konfliktar med islamistiske grupper. Sjølv om India ofte blir kalla verdas største demokrati, føler store grupper seg marginaliserte, og sosial uro, valdelege demonstrasjonar, konfliktar mellom delstatar og folkegrupper, og til tider væpna opprør, har funne stad overalt i landet både før det blei til i 1947, og seinare.

Likevel finst det stor tru på demokrati og mogleik for betring, noko ein kan sjå gjennom stort politisk engasjement i partiarbeid, interesseorganisasjonar og demonstrasjonar av fredeleg karakter, rimeleg høg valdeltaking (rundt 60% ved parlamentsval i India) og forkasting av leiarar ein er misnøgde med, som indiske Indira Gandhi og Kongresspartiet etter at ho hadde brote menneskerettar og innført unntakstilstand, eller BJP-regjeringa til A.B. Vajpayee etter at den økonomiske veksten i landet ikkje hadde råka dei fattige.

Landa i Sør-Asia samarbeider gjennom Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen (SAARC), som blei grunnlagd i 1985. Det britiske territoriet i Indiahavet, som geografisk er del av Sør-Asia, er ikkje med i organisasjonen.

Økonomi endre

 
Rekkehus og høghus i Mumbai, ein megaby som huser både lutfattige og styrtrike.

Landa i Sør-Asia har lenge vore rekna som utviklingsland. Landa har låge nasjonalprodukt, med ei plassering av Pakistan, Bangladesh og Nepal på 129., 138. og 148. plass på ei liste over 179 land over BNP per innbyggjar.[4] Alle landa har store mengder fattige, og to av verdas største slumområde, Orangi Town i Pakistan og Dharavi i India, ligg her. I sterk kontrast finn me storbyar og teknologisenter, og ein økonomi i vekst. Til dømes voks det indiske bruttonasjonalproduktet med 7-8 % i 2000-åra, slik at landet hadde den tredje største kjøpekraftspariteten i verda i 2007.[5]

Religion endre

Sør-Asia er kjend for å ha eit sterkt nærvær av religion. Gudstru og utøving er synleg over heile området gjennom bygg, symbol, utsjånad, seremoniar og opptog, og dharma-religionanehinduismen, buddhismen og djainismen — står sterkt, men ein finn også mange som dyrker abrahamittiske religionar, særleg islam, som har fått sitt eige sørasiatiske preg, tydeleg mellom anna i skikken med pilegrimsferder til sufigraver.

I Sør-Asia finn ein størstedelen av verdas hinduar og ein tredjedel av verdas muslimar, men også synlege minoritetar frå alle verdsreligionane, og fleire innfødde tradisjonar. Kvart land har store religiøse minoritetar. Gjennom historia har område i Sør-Asia vore tilfluksstader for parsarar og jødar, men det har òg funne stad store og valdelege konfliktar mellom religiøse grupper, særleg i samband med delinga av Britisk India, men også tidlegare, til dømes i samband med mogulinvasjonane, der muslimske hærar plyndra og øydela hindutempel, eller Krimikantha av Tsjoladynastiet, ein Sjiva-dyrkar som forfølgde Visjnu-tilhengjarar.

Innbyggjarar endre

 
Språkfamiliar i Sør-Asia. Grønt er indoarisk og blått er dravidisk.
For meir om geografi, sjå det indiske subkontinentet

Sør-Asia er eitt av dei tettast folkesette områda i verda. Det er heim til rundt 1,6 milliardar menneske, om lag ein fjerdedel av alle menneska i verda. Folketettleiken på 305 menneske per kvadratkilometer er over sju gonger større enn verdsgjennomsnittet. Samstundes finn ein også ville fjell, skogar og ørken her, der det bur få menneske.

Folk i Sør-Asia har mange fellestrekk, mellom anna når det gjeld arkitektur, klede, matkultur, religionsutøving og samfunnsordningar. Folk ordnar seg gjerne i «kaster», same kva religion dei høyrer til, og landsbyar over heile regionen har ei grad av sjølvstyre gjennom landsbyråd, pantsjajat.

Klede pynta med fargerike mønster, broderi og metall er vanlege, og finst i nokre basistypar som blir varierte over heile området. Store smykke, mellom anna armringar og naseringar, er utbreidde, og blir ofte laga i gull, sjølv om også sølv, glas og plast kan brukast.

Kulturelle skilnader endre

Skilja mellom sørasiatar følgjer ikkje i første rekkje landegrensene, men regionar, og til ei viss grad dei åtskilte gruppene – «kastene» – som folk høyrer til, på tvers av geografien. Det viktigaste regionsskiljet går mellom nord og sør.

Forskjellar mellom sør og nord i Sør-Asia
Språk Folk i Sør-India og øyane i Indiahavet snakkar for det meste dravidiske språk, som telugu, tamil, malayalam og kannada. Dei indoariske språka singalesisk og dhivehi er unnatak. I Nord-India og dei tilstøytande landa snakkar ein hovudsakleg indoariske språk, som t.d. hindi, urdu, bengali, nepali, marathi, gujarati, sindi og panjabi. Mellom unnataka er dei iranske språka pasjto og balutsji og sino-tibetanske språk som dzongkha.
Mat Dei har eit svært risbasert kosthald der det i tillegg til kokt ris gjerne blir servert dosai (‘pannekaker’) og idli (‘komler’) laga av ris, og kokos og tamarind er viktige ingrediensar. Indisk filterkaffi er vanlegare enn te. I tillegg til ris er kveite i form av steikte brød ein viktig del av kosthaldet, som ofte er mektigare enn det sørlege. Te er den viktigaste sosiale drikken.
Klede Det er vanleg for menn å gå med sarongaktige klede (lungi, vesjti eller mundu) med skjorte til, og kvinner bruker gjerne sari utan å dekka til hovudet. Menn kan ha lendeklede (dhoti), turban, eller gå med kurta-drakter, men er vanlegvis kledde i skjorte og bukser. Kvinner i sari kan dekka til hovudet, anten heile tida, når dei er saman med eldre, eller i religiøse samanhengar. Salvar kamis er også utbreidd blant kvinner.
Religiøs utøving Hindutempel blir bygde med store, pynta og måla gopuram-tak, og også kristne kyrkjer er fargerike. Hinduiske landsbygudar blir dyrka i større utstrekking i sør enn i nord, og den ortodokse kyrkja har hatt fotfeste her sidan dei første hundreåra atter Kristus. Hindutempel har einsfarga tak med spir og tempelflagg. Området har vore prega av islam i nokre område og buddhismen i andre; som begge fortsatt er utbreidde, i tillegg til den Punjab-baserte sikhismen.
Historisk påverknad Sørlege rike som Tsjola og Tsjalukia har herska over området, som hovudsakleg har orientert seg sjøvegen mot Indonesia og Malaysia i sør og aust, og mot Afrika og til tider også Europa. Kongedøme som Mogul- og Guptariket har styrt over området, som har vore orientert mot og påverka av gresk, persisk, tyrkisk og arabisk kultur frå nord og vest.

Kjelder endre

  • The Timechart History of India (Robert Frederick Ltd., 2005)

Fotnotar endre

  1. «Composition of macro geographical (continental) regions, geographical sub-regions, and selected economic and other groupings» (Sameinte Nasjonar, 2007)
  2. «Standard Country or Area Codes for Statistical Use». Millenniumindicators.un.org. Henta 25. august 2012.  Sitat: «The assignment of countries or areas to specific groupings is for statistical convenience and does not imply any assumption regarding political or other affiliation of countries or territories by the United Nations.»
  3. K. Kris Hirst: «Soan Valley» Arkivert 2007-10-23 ved Wayback Machine. og «Mehrgarh (Pakistan)» (about.com)
  4. Engelsk Wikipedia: «List of countries by GDP (PPP) per capita». Date of last revision: 9 October 2007 19:54 UTC. Page Version ID: 163398381, som oppgjev det internasjonale pengefondet som kjelde.
  5. http://indiaonestop.com/economy-macro-view.htm og Engelsk Wikipedia: «Economy of India». Page Version ID: 164002323.