Sarmin (arabisk سرمين) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 15 kilometer søraust for Idlib. Han ligg kring 390 meter over havet. Av stader i nærleiken finn ein Binnish i nord, Talhiyah i nordaust, Iffis i aust, Saraqib i søraust og al-Nayrab i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Sarmin eit folketal på 14 530 i 2004. Han er den einaste staden i Sarmin nahiyah («underdistrikt»).[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Sarmin
سرمين
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Idlib
Nahiyah Sarmin
Høgd 390 moh.
Koordinatar 35°54′N 36°43′E
Folketal 14 530 (2004) [1]
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

HistorieEndra

MellomalderenEndra

Sarmin var åstad for eit stort slag mellom krossfararane og seldsjukk-tyrkarane. På 1200-talet vart byen hylla, men var liten, og innbyggjarane var ismailittar, i følgje Yaqut al-Hamawi.[3] Ajjubide-herskaren i Hama og den lærde Abu'l-Fida skildra Sarmin som ein my med mykje land og område med særs fruktbar jord. Byen hadde ingen bymuyrar, og ein Jami-moské.[3] I 1355 vart Sarmin vitja av Ibn Batutah, som skreiv om dei mange trea, hovudsakleg oliven, som voks der. Det vart laga såpe og såpa vart eksportert til Damaskus og Kairo. I tillegg vart ei parfyrmert såpe, farga raud og gul, laga. Det vart òg laga bomullsprodukt. På denne tida var det ein fin moské i Sarmin med ni kuplar.[3]

Den syriske borgarkrigenEndra

Han vart bomba under den syriske borgarkrigen og ein av moskéane vart hardt skadd.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  2. Oweis, Khaled Yacoub. Syrian opposition won't talk to officials linked to crackdown. Reuters. 2013-02-15.
  3. 3,0 3,1 3,2 le Strange, 1890, s. 532
  4. Cantlie, John (31. mars 2012). «Syria eyewitness dispatch: 'I watched as Assad's tanks rolled in to destroy a rebel town'». Daily Telegraph. Henta 15. juni 2014.