Ein sarod er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Saroden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geiteskinn, og stolen står i press mellom strengene og geiteskinnslokket. Saroden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.

Sarod

Klassifiseringluttinstrument med rund kropp og hals spelte med plekter
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-6

Sarod-liknande instrument kan sjåast i utskjeringar frå det første hundreåret av den moderne tidsrekninga i Champa-tempelet og på veggmåleri i Ajanta-grottene. Det liknar òg på rababar frå Afghanistan og Kashmir. Saroden vart endra av Amir Khusru1200-talet. I moderne tid har ustad Ali Akbar Khan innført endringar av instrumentforma for å betre lydkvaliteten.

Vidkjende sarodspelarar er Ali Akbar Khan, Sharan Rani og Amjad Ali Khan.

Bakgrunnsstoff endre