Sefardar

(Omdirigert frå Sefardim)

Sefardar eller sefardiske jødar (hebraisk סְפָרַדִּי, sefardím, moderne hebraisk sfaraddi tiberisk səp̄āraddî - «Sefarad» er eit jødisk namn på den iberiske halvøya[1]) er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Spania og Portugal. Desse blei tvinga i eksil eller i skjul av Alhambra-ediktet av 1492, og slo seg særleg ned i andre middelhavsland og i Nederland.[2] Namnet blir i praksis òg brukt om ikkje-iberiske jødar som stammar frå arabisk-språklege land, såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-askenasisk opphav.

Sefardisk familie i Bosnia på 1800-talet.
Jødisk feiring i Tétouan. Måleri av Alfred Dehodencq frå 1865.
Side frå Barcelona-haggadaen frå 1300-talet.

Sefardiske jødar i den opphavlege tydinga inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas, Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare talte dei fleste sefardar spansk, jødespansk eller portugisisk. Ein særleg variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardiske jødar er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsetjingar frå hebraisk til spansk eller jødespansk.[1] Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet «ladino» for det jødespanske språket.

Kjende sefardiske jødar endre


Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Lima, Geir. «Jødespansk» (27. november 2013). Store norske leksikon.
  2. Arntzen, Jon Gunnar & Groth, Bente. «Sefarder» (4. juni 2013). Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sefardar