Selda Ekiz

norsk tv-programleiar

Selda Ekiz (fødd 28. november 1984) er ein norsk fysikar og programleiar i NRK.

Selda Ekiz

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1984 (39 år)
Drammen kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke fysikar, programleiar
Høgd 158 centimeter
Prisar Gullruten for beste programleder
Selda Ekiz på Commons
Fysikk med Selda Ekiz (2016)

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Ekiz er oppvaksen i Sande i Vestfold. Foreldra hennar innvandra frå Tyrkia i 1970-åra.[1] Ho er oppkalla etter den tyrkiske songaren Selda Bağcan.[2]

Selda Ekiz flytta heimanfrå for å ta vidaregåandeSkagerak International School. I 2011 tok ho mastergrad i fysikk frå Universitetet i Bergen,[3] og var der med på å starte opp vitskapsformidlingsgruppa «Fysikkshow Bergen».[4] Saman med Bjørn H. Samset la ho i 2015–2016 ut forskingspodcasten Vitendate.[5]

Karriere endre

Ekiz har vore tilknytt NRK Trøndelag.[6] Frå 2011 til 2013 var ho programleiar for det populærvitskapelege ungdomsprogrammet Newton. For programmet vann ho Gullruten 2013 som beste kvinnelege programleiar, og vart nominert i same klasse under Gullruten 2012, i tillegg til publikumsprisen i 2013.[7] Hausten 2013 og hausten 2014 var ho programleiar for NRK Super-serien Barn ingen adgang.[8] Sidan 2013 har ho vore programleiar i kunnskapstevlinga Klassequizen på NRK TV.[9] Frå 2015 til 2017 var ho programleiar i den populærhistoriske realityserien Anno, som dramatiserte daglegliv for 250 år sidan, og sidan 2018 har ho saman med Ole Rolfsrud vore programleiar for TV-tevlinga Alle mot 1.[10][11][12] I 2019 mottok ho Mensa Norges pris for evna si til å senke terskelen for barns interesse for intellektuelle konsept, og å inspirere barn til å la nyfikenheit, vitskap og forsking vere ein del av kvardagen deira.[13]

I 2020 debuterte Ekiz som skodespelar i NRK sin dramaserie Norsk-ish, der ho spela gynekologen Helin og hadde ein stor del av dialogen på tyrkisk.[14][15] For Norsk-ish og Alle mot 1 vart ho nominert til publikumsprisen under Gullruten 2021.[16]

Frå 2008 har Ekiz også opptredd som stand-up komikar[17] og var ein av tre som vann «Urørt og Uhørt» under Den store Norske Humorfestivalen i 2008.[18][19]

Privatliv endre

Ekiz er sambuar og fekk sitt første barn våren 2021.[20] Ho var kjærast og sambuar med komikaren Gustav Nilsen frå 2010 til 2018.[21]

Kjelder endre

  1. Fossen, Erik. «– Jeg føler meg norsk, men skjønner ikke hva jeg skal gjøre for å være mer norsk». Aftenposten. Henta 7. desember 2019. «For å betale ned gjelden fulgte han fotsporene til sine brødre, som hadde funnet arbeid på en bølgepappfabrikk i bitte lille Sande, av alle steder. Arbeidsinnvandreren likte syttitalls-Norge og sendte bud etter Gulistan, jenta fra nabogården, for å stifte familie.» 
  2. NRK drivkraft (4. januar 2021).
  3. Selda Ekiz A new approach to compound specific gas detection Masteroppgave i fysikk - Universitetet i Bergen. Institutt for fysikk og teknologi, 2011
  4. «Fysikkshow Bergen». 
  5. Podcasten Vitendate
  6. «Selda Ekiz, programleiar». nrk.no. 16. august 2011. Arkivert frå originalen 23. september 2011. Henta 14. januar 2011. 
  7. «Her er Gullrute-vinneren». nrk.no. 11. mars 2013. Henta 13. mai 2021. 
  8. NRK nett-TV «Barn ingen adgang»
  9. «Tiårsjubileum for Klassequizen». nrk.no. 8. september 2020. Henta 13. mai 2021. 
  10. NRK nett-TV Anno
  11. NRK Kultur og underholdning 13. januar 2018. «Alle mot 1»: Ikke bekymret for tekniske problemer. Besøkt 13. januar 2018
  12. Amlie, Helene (17. februar 2021). ««Alle mot 1» er tilbake!». NRK (på norsk bokmål). Henta 6. mars 2021. 
  13. «Mensaprisen | Mensa Norge». www.mensa.no. Henta 12. desember 2020. 
  14. «Norsk-ish» (på norsk bokmål). Henta 1. oktober 2020. 
  15. ««Norsk-ish»: NRK lykkes med å speile et flerkulturelt Oslo». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 1. oktober 2020. 
  16. «Her kan du stemme på «Publikumsprisen»!». tv2.no. 18. april 2021. Henta 13. mai 2021. 
  17. vimeo.com: Mamma - Selda Ekiz, hentet 13. november 2011
  18. «Artikkel bt.no». 
  19. «Stand Up Bergen». Arkivert frå originalen 14. april 2012. 
  20. Ighanian, Catherine Gonsholt (26. april 2021). «Selda Ekiz har født: – Lang og tøff fødsel». VG (på norsk). Henta 26. januar 2022. ««Alle mot 1»-programlederen (36) og kjæresten Alf Martin Kollen Evensen (37) er blitt foreldre. De ønsker å holde kjønnet hemmelig litt til.» 
  21. Eilertsen, Henriette (24. juli 2018). «Bekrefter brudd». Se og Hør (på norsk). Henta 28. november 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Selda Ekiz