Semipresidentialisme

Semipresidentialisme er eit demokratisk institusjonelt system som er mesta likt parlamentarisme, men der statsoverhovudet, presidenten, er direkte vald, og den utøvande makta soleis har sin eigen demokratiske legitimitet. Denne legitimiteten gjev presidenten eit demokratisk grunnlag for røynleg politisk makt, so som utsetjande eller nektande vetorett mot vedtak frå parlamentet og oppløysingsrett. Presidenten deler gjerne styringa av den utøvande makta med ein statsminister og hans regjering utgådd frå parlamentet. Dette krev eit samarbeid mellom desse, trass i at president og regjering kan koma frå ulike parti. Slik deling av makt mellom styremaktene er eit brot med maktfordelingsprinsippet. I tilfelle der presidenten ikkje brukar rettane sine, eller der presidenten står på nett same politiske lina som statsminister og regjering, fungerer eit semipresidentielt regime som var det rein parlamentarisme.

Variantar av semipresidentialisme finn me i land som Finland, Frankrike, Irland og Austerrike. Etter tradisjonen har ikkje presidentane i Irland og Austerrike bruka rettane grunnlova gjev dei.

Kjelder endre